– Eg forstod at dei hadde noko på gang då eg ikkje fekk med meg farsdagspresang ut i Nordsjøen. Men at det var dette, hadde eg ikkje drøymt om, seier Alexander Kittang.

HEITT: I essa er det over tusen grader, så før dei får ta i noko som helst, må dei ta på seg hanskar.

Kun for gutta boys

Strilen møter han og gutane i den vidgjetne smia til navarsmeden Johannes H. Fosse i Meland. Der har gutane i all hemmelegheit bestilt eige familiesmikurs til seg og faren.

– Me hadde lyst å finna på noko å gjera saman med pappa i staden for å gi han noko han ikkje har bruk for. Så då mamma sa ho hadde sett i avisa at det gjekk an å bestilla eigne smikurs, var saka klar, forklarer Simen.

VANSKELEG Å VELJA: Like innom døra har Johannes samla ei rekkje ting det fint går an å laga på ein kveld, som knivar, skeier, brosjer, brusopnarar og nøkkelhanker. Foto: Gunn Berit Wiik Berg

Går for nøkkelhank og kniv

Og det gjeld å smi medan jarnet er varmt, for Johannes er blitt 91 år.

– Eg kjenner meg berre som 60–70, men det står på papiret at eg er fødd 9. desember 1926, humrar han.

– Hæ? E du sååå gammal? seier gutane vantru.

Like innom døra har han samla ei rekkje ting det er overkommeleg å laga på ein ettermiddag/kveld, som knivar, skeier, brosjer, brusopnarar og nøkkelhanker. Men folk står også fritt til å komma med eigne idear, fortel Johannes.

Nathaniel, eller Tani, som Simen og pappa kallar han, veit ikkje heilt kva han vil laga, så Johannes føreslår at ei nøkkelhank kan vera fint å begynna med for ein åtteåring.

GLOHEITT: Inne i koksen er det over 1000 grader, så Simen må læra seg å styra varmen i essa. Foto: Gunn Berit Wiik Berg

– Og så kan du laga ein kniv etterpå, visst du har lyst, legg Johannes til.

– Eg har berre ein nøkkel og den har eg rota vekk, men det er no alltid nokon som har bruk for ei nøkkelhank, smiler Nathaniel lurt.

Simen (12) har lyst å laga ein kniv eller to.

Pappa kjører eige design

Pappa nyttar sjansen til å gå for eige design av eit oppheng til didgeridooen sin (eit australsk blåseinstrument).

– Har du laga arbeidsteiking?

– Nei, eg satsar på å ta det på frihand som ein god smed, ...eller kanskje ikkje..., ler han.

Men først er det Simen og Nathaniel sin tur. Simen fortel at han har smidd før, på leirskule. Men at han kan smi, vil likevel vera å ta litt hardt i, meiner han.

SKAFTET FØRST: Når ein lagar knivar, smir ein skaftet først. Foto: Gunn Berit Wiik Berg

– Kor varmt trur de at det er inni her, spør Johannes medan han legg meir grillkol og smedkol i essa.

Ingen tør å gissa, så Johannes fortel at det kan vera opptil 1300 grader der.

– Så før de tek i noko som helst, må de ta på hanskar, understrekar han.

Han viser også at det like ved essa står ei bøtte med kaldt vatn der dei kan kjøla ned ting dersom dei likevel skulle bli for varme å halda i.

SOM EIN SMED: Simen fann fort ut at det var viktig å smi medan jarnet er varmt. Foto: Gunn Berit Wiik Berg

Etter å ha funne eit passeleg emne i blautt jarn til Simen sin kniv, stikk han eine enden av emnet godt inni kolhaugen.

– No må du vera klar med kulehammaren, for her må ein smi medan jarnet er varmt, seier Johannes.

Lett, men ikkje enkelt

Han legg det glødande emnet på ambolten og Simen kliner til.

– Å, du må slå hardare!

For kvart slag forstår Simen meir og meir kva Johannes meiner med at «det er lett, men ikkje enkelt».

– Du er jo knallflink, roser pappa.

Nathaniel er litt usikker på om det kjem til å gå like bra når det er hans tur, men pappa lovar å hjelpa og overtyder han om at det kjem til å gå heilt fint.

STARTHJELP: – Du må hugsa på at sjølv om eg hjelper til pittelitt i starten, så er det ditt produkt, understrekar Johannes. Foto: Gunn Berit Wiik Berg

Med emne og vilje av stål

Etter kvart klarer Simen seg sjølv, og Johannes kan fyra opp andre sida av essa.

Til Nathaniel si nøkkelhank finn han eit emne i stål.

– Eg skal hjelpa deg pittelitt i starten med den aller første snurren, for den er ganske vrien, seier Johannes.

Nathaniel og pappa ser og lærer medan Johannes vrir og bankar på tuppen.

– Sånn, no kan de fortsetja, men de må passa på som ein smed når de varmar emnet i essa, slik at det ikkje tek fyr og brenn opp, understrekar han.

– Ja, svarer pappa og Tani og kan nesten ikkje venta med å setja i gang.

UNIK GÅVE: – Eg har jo alt eg treng og kan kjøpa alt eg vil, så ei gåve som dette er mykje betre, seier Alexander Kittang. Foto: Gunn Berit Wiik Berg

Øving gjer meister

Dei to lovar å vera forsiktige og Johannes går for å sjekka korleis det går med Simen.

– Sjå her du, no kan me kappa emnet i rett lengde og begynna å smi knivbladet, seier han.

– Og då må du hugsa å ikkje banka det altfor tynt, legg han til.

Simen gjer som han blir beden om og Johannes forsvinn bort i ein krok og fyrer i gang vinkelkuttaren så gnistrane står omkring han.

IKKJE LETT: Å laga riktig sving på ei nøkkelhank av stål er ikkje lett. Foto: Gunn Berit Wiik Berg

Tani og pappa er komne så langt med snurren sin at det snart er på tide å bøya kunstverket andre vegen.

– Då må me vel halda det denne vegen og slå der, føreslår pappa.

– Eller skal me spørja Johannes for å vera heilt sikker? legg han til.

Dei vel å sjekka med Johannes slik at dei ikkje øydelegg det fine dei har laga.

STOLT og LUR: Kven som skal få den fine nøkkelhanka, vil ikkje Nathaniel ut med. Foto: Gunn Berit Wiik Berg

– Genialt, gøy og lærerikt

Medan me ventar, tek Alexander oppatt kor stor pris han set på gåva. Og han nyttar kvar ledige augneblink til å foreviga stunda, både med kameraet og mobilen.

– Eg kjende eg vart heilt gira då dei avslørte gåva. Sidan har eg gledd meg som ein unge. Dette er både gøy og lærerikt, og ei genial gåve, seier han.

Han synest også det er kjekt at gutane får innblikk i dette unike handverket og lærer at folk ikkje alltid berre har kunna kjøpa ting dei hadde bruk for på butikken, seier Alexander.

VEL SMIDD: Dette var det dei tre karane rakk å laga på 4,5 timar. Oppheng til didgeridooen skal Alexander bort å smi ein annan kveld.

Timane flyg

To timar går grådig fort, og når kniven og nøkkelhanka er ferdige, inviterer Johannes til ein liten matpause før neste økt.

På eit gamalt respateksbord i smia har han laga til med salte kjeks, brie-ost, twist, kaffi, flaskevatn og sjølvlaga kvede-gelé. På glasloket har han til og med teikna eigen etikett.

– Kvede er ein sjeldan eplesort som opphavleg stammar frå Asia. Epla smakar søtt, men som gelé gir dei ein spennande syrleg smak som passar veldig godt til ost, reklamerer Johannes.

PAUSEMAT: Etter to timar bydde Johannes på pausemat med sjølvlaga kvede-gelé.

Dermed har me lært endå meir hjå den kunnskapsrike smeden.

Osten er gutane litt skeptiske til, men geleen går ned på høgkant. Det same gjer twisten og kjeksa.

Etter pausen må Strilen forlata dei fire.

– Vent litt, seier Nathaniel. Eg må berre seia at eg visste det kom til å bli gøy, men ikkje at det skulle bli såååååå gøy!