På lista som vart sloppe torsdag morgon, finn me sju sterke rockeband.

Gjensyn med Ollis

Nokre av banda er kanskje ukjend for dei fleste, men både Ron Gallo og Sassy Kraimspri er band festivalsjef Viggo Randal garanterer at me får høyra meir frå i tida framover.

Med El Doom and the Born Electrick, vender ei av festivalens mest trufaste artistar tilbake.

– Kjært barn har mange namn, og frontfigur Ollis er nok den musikaren som har vore innom festivalen flest gongar. Det vert liksom ikkje sommar her i Gulen utan at Ollis har vore på besøk, seier Randal.

Indie, punk og Unga Bunga

Det vert og indierock på holmen i år. Norske The Switch vann nyleg spellemannsprisen og er anerkjend som eit av landets beste indieband.

– Dette er eit band med verda for sin føter, slår Viggo Randal fast.

Festivalsjefen er òg svært nøgd med å kunne setje Blood Command på programmet.

– Punkrockarane frå Bergen har for alvor festa grepet om publikum. Og med heftig radiorotasjon den siste tida, vert det garantert heitt når dei går på scena på fredag.

Festivalgjengarane får eit gjensyn med Death by Unga Bunga, som sist spelte på festivalen i 2013.

– No fire år seinare har bandet vore i Statane, dei har spelt på Øya og verkeleg etablert seg som eit av dei gøyaste livebanda me har her i landet, seier Randal.

Bergensbølgen i eigen person

Det siste namnet på denne lista, er kanskje det største: For John Olav Nilsen er tilbake, uten Gjengen, men med sitt nye band, Nordsjøen. Utkant gir dermed publikum ei unik sjanse til å oppleva eit av Vestlandets kulaste band live.

– John Olav er jo sjølve bergensbølgen i eigen person. Utkanthjartet mitt frydar seg over å ønskje dei velkommen att, sier Viggo Randal.

– Utkant har alltid hatt sine røter i rock, og med dette sleppet følger me opp ei lang tradisjon, seier Randal, som med dagens slepp bekreftar at årets Utkant-program er endeleg.