GOD STEMNING: Når folk dansar på bardisken som Kristin og Emilie, veit du at det er god stemning. Foto: Privat
KOMITEEN: Her er komiteen bak ballet. Foto: PRIVAT
Middagen blei levert av kroa på Ostereidet. Foto: Privat
KÅRING: Det blei kåra årets prinsesse og årets danseløve. Danseløva blei Aram Abdouni, prinsessa Emilie Sætre, begge frå 8. klasse. Foto: Privat
SONG: Singstar høyrer med på slike arrangement. Foto: Privat
FOTOVEGG: Fotoveggen var flittig i bruk. Foto: Privat

Festen starta nede i kyrkjekjellaren, kor vi blei servert pinnekjøt og pizza for dei som ynskte det. Stemninga var på topp, det var latter, alle var spente på kva kvelden ville bringe og dei 97 ungdomane såg ut til å storkose seg.

Då måltidet nærma seg ferdig, begynte vi å bevege oss opp mot skulen. Den gode stemninga vart endå betre, og dansinga begynte med ein gong musikken starta. Skulen hadde leigd inn Leif Andre Sylta som dj.

Dette er slik nokre av elevane opplevde ballet:

– Det var betre stemning enn på dei andre balla, maten var «on point». Takk til kroa på Ostereidet. Det var mykje betre enn forventa, seier Andrea Maria i 10. klasse.

– Ballet var gøy, det var veldig god stemning. Alle var greie, dj-en var ganske flink, maten var god, alle hadde kledd seg fint, det var kjekt. Det gøyaste med ballet var å danse og sjå at alle hadde det kjekt. Neste gang forventar eg litt meir slowdance så eg kan danse meir med jentene, seier Trevor i 8. klasse. (Trevor 8.kl)

Det er tiande klasse som er ansvarlege for arrangementet, med god hjelp frå Solfrid Marie Hindenes, som er tilsett ved skulen. Det vert litt arbeid i forkant av ballet, og det tek vi elevane oss av. På sjølve ballet stiller foreldra opp og lagar mat, står i kiosken, ryddar og går vakt. Det er eit veldig miljøskapande tiltak, og i år var det berre nokre få elevar som ikkje var til stades på ballet. Vi håpar denne tradisjonen kjem til å vara i mange år framover!