Urørtfinalen 2018 går av stabelen i Mathallen i Oslo frå klokka 12.00 torsdag 1. mars, og blir også sendt direkte på P3 radio.

Christine Dancke og Eirik Havelin skal leia publikum og radiolyttarar gjennom ei sending fylt av musikk og moro. Finaleartistane skal spela live, og til slutt står ein av dei att som Årets Urørt.

Skal det bli Ulrik K. Haugland så må både radværingar og andre stemma fram til finalen er avgjort, og du kan gje di stemme på P3 si nettside.

Alle fire finalistene skal seinare torsdag spela i samband med by:Larm, men det er berre ein finalist som verkeleg kan feira.

Stolt av Bøvågen

Ulrik kjem frå Bøvågen på Radøy og er stolt av det. Det er også tydeleg i musikken hans, fordi han rappar på dialekten sin.

For tida bur og studerer han i Bergen. I eit intervju med P3 Urørt seier han at han gjerne kan vera ein del av rapmiljøet i Bergen.

– Men eg kjem aldri til å bli ein bergensrappar. Eg kjem frå Radøy!

Optimist

På Urørt sine nettsider vert han presentert som ein gladgut, som set Radøy på kartet med sterk inspirasjon frå fransk hiphop, og med gøy, fengande, avslappande og oppløftande musikk.

Han er med i Urørt med låten «Deba Fint».

– «Deba Fint» er ei forkorting for «det er berre fint». Det er ei gladlåt full av gode vibbar som handlar om å sjå positivt på ting! Uansett kva som skjer så ordnar det seg til slutt, forklarer han til Urørt.

Godt samarbeid

Tidligere har han jobba med artistar som Makko Makeba og Larsiveli, og på «Deba fint» har han fått med seg rap-duoen Snow Boyz. Dei bidreg med både humor og sjarm i sine gjestevers.

– Dei var blant dei første eg snakka med etter at eg slapp låta «På» i fjor haust. Me planla at me ville samarbeida, og «Deba Fint» var ein låt eg hadde lyst til å invitera dei med på. Eg synest det vart veldig bra. Dei leverte ti av ti, seier han.

Her kan du lesa kva Strilen skreiv då han debuterte med låta «PÅ» og musikkvideoen han laga då.