Partyet er for barn/ungdom fra 5. klasse og oppover og har kun femti plassar. Difor gjeld det å hiva seg rundt å melda seg på fortare enn svint.

Det er FAU på Mo skule som arranger partyet, og som sist håpar dei å få tak i litt sponsormidlar for å få ned prisen per deltakar.

Ønskjer sponsorar

– Så dersom nokon veit om bedrifter og organisajonar som vil gi litt støtte til ungdom i Modalen og omegn, må de gi beskjed, oppmodar Tormod Surland Våge i FAU.

«Dataparty på lokalnett»

Eit LAN-party (ofta forkorta berre 'LAN') er ifølgje Wikipedia, eit arrangement der ungdom samlast med datamaskiner med hovudmål å spela ulike typar videospel, «chatta» og kopiera filer frå andre over nettverk. I denne samanhengen blir også begrepet «BYOC» (Bring Your Own Computer) brukt sidan deltakarane brukar sitt eige medbrakte datautstyr. LAN-party kjem av ordet «LAN» som betyr «local area network». Eit LAN er lokalnettet på sjølve arrangmentet.

Påmelding innan 15. oktober

Surland Våge fortel at prisen blir 500 kroner per deltakar, og det inkluderer kvelds fredag, frukost, lunsj og middag laurdag, og frukost og lunsj søndag. Datatilgang på eigen sitjeplass er også med i prisen. Påmelding på e-post: tsv@hotmail.no innan 15. oktober. E-posten må innehalda namn, alder og telefon til deltakar og føresette dersom deltakar er under 18 år.