– Eg kan ikkje få sagt kor letta eg er, smiler han gjennom telefonen etter den nye kunngjeringa frå kulturministeren.

Dei 10.000 billettane til showet var nemleg knapt lagde ut, før dei var utselde. Og med femti i salen på kvar førestilling, ville Kevin ha måtta spelt 200 førestillingar for å gjera alle nøgde.

– Det hadde tatt veldig lang tid, seier 35-åringen frå Frekhaug. Dessutan får ein ikkje same publikumskjensla med femti personar spreidd over heile salen, legg han til.

Lite visste han då at han sjølv skulle testa positivt på korona nokre dagar seinare, og at showet måtte utsetjast ei veke.

Men «the show must go on», så neste onsdag reknar han med å vera klar igjen.

– Det er kjedeleg å måtta utsetja premieren, men no får eg berre gle meg til neste veke, seier han.

Foto: John Andresen

Har fått leilegheit i byn

Siste året har han fått 30.000 Oslo-folk til å hyla av latter med soloshowet «Singel i parterapi». No er det endeleg vår tur.

– Eg har ikkje spelt sidan tidleg i desember, så no er eg superklar. Har til og med fått meg leilegheit midt i byn, midlertidig altså, så no er det berre å «gønna» på fram til premieren, seier han.

Foto: John Andresen

Etter alle førestillingane i Oslo skulle ein tru alt gjekk på autopilot, men no er ein god del av tekstane tilpassa Bergen. Dermed er det på an igjen med tekstpugging og prøvar.

– Men korleis i alle dagar klarer du å spela alle karakterane heilt åleine?

– Det har me jobba lenge med å finna ei løysing på, men det går med kjappe skift. I byn skal faktisk svigerinna mi vera med og hjelpa meg bak scena, seier han.

Foto: John Andresen

Seks førestillingar i veka

Kvar førestilling varer éin time og femten minutt. Og etter enkle førestillingar onsdag og torsdag, skal han spela doble fredag og laurdag.

– Dei enkle går heilt fint, men dei doble kan vera tøffe. Men etter ein liten matbit mellom førestillingane er det utruleg kor eg livnar til att, spesielt når eg kjem opp att på scena med alle dei feststemte folka. Eg får også veldig energi av musikk og song, som det er ein del av i showet.

– Det hadde nok vore verre med ein dobbel Ibsen, legg han til.

Men når laurdagsførestillingane er i boks, er han ganske pumpa.

– Ja, då er eg veldig klar for å slengja meg på sofaen med ein film, for å seia det slik.

Foto: John Andresen

Byr på seg sjølv som aldri før

Parterapi på NRK blei ein knallsuksess med over éin million sjåarar.

– Men kva skil TV-serien frå det me får sjå live?

– Det blir ein litt ny vri, for når eg skulle ha mitt første soloshow, hadde eg lyst å opna opp på ein litt annan måte. I tillegg får karakterane ein ny vri og det heile går litt meir i ein stand up-retning, forklarer han.

I tillegg til dei kjende karakterane Kenneth, Kjell Simen, Sara-Eline, Siv Anita og mange me kjenner frå «Parterapi» på TV, byr han difor litt meir på seg sjølv, med skråblikk på sitt eige datingliv. Og det har jo ikkje akkurat gått hus forbi i dei store riksmedia.

– Eg har alltid syntest at det er veldig mykje å ta av når det gjeld dating og par-problematikk, seier Kevin, som sjølv er på jakt etter den store kjærleiken. Foto: Privat

Singel, men ikkje desperat

For Kevin er framleis singel og på jakt etter den store kjærleiken.

– Kanskje du finn deg ein bergensar no?

– Det hadde jo vore heilt topp, men det er ikkje slik at eg grin meg i søvn. Eg føler eg har eit innhaldsrikt og rikt liv som singel også. Eg trivst i eige selskap, seier han.

– Kanskje kandidatane er redde for å bli parodierte?

– Haha, eg har vore inne på tanken, så eg håpar eg finn nokon som er tøff nok, seier han.

Har sin klare favorittkarakter

Den karakteren Kevin likar best å spela er den ufiltrerte bergensaren Kenneth.

– Han er nemleg så langt frå meg som det går an i alle retningar. Difor er det så utruleg befriande å få vera vulgær og kunna seia alt som fell meg inn utan at eg får skulda, seier han og ler ein ekte Kevin-latter.

Han likar også godt å spela «Maiken», og den karakteren møtte han på eit kurs for ti år sidan.

– Eg har aldri gløymt misnøyen i alle svara hennar, seier han.

Eit botnlaust tema

Maiken spelar han saman med manusforfattaren Martin Zimmer, som han har jobba med i mange år, blant anna i Blodfjell.

– Han er i eit forhold, og deler gladeleg svisker derifrå. Og no skal han bli far, så det kunne jo blitt ein nye sesong..., seier han spøkefullt.

Dei ulike karakterane lagar han og Zimmer ut ifrå typar dei har møtt, observasjonar av vener, veninner og kompisar.

– Mange har gifta seg og fått barn, og eg har blitt onkel, så det skjer veldig mykje i livet til folk i 20–30-åra. Det er alltid gøy med relasjonar, kommunikasjon og mangel på kommunikasjon. Det er i grunnen eit botnlaust tema.

Foto: John Andresen

Gjekk rett heim hjå folk

Parterapikonseptet blei ein innertiar frå første stund. Men det kunne dei ikkje vita på førehand.

Somme var redde for at det var ein altfor smal idé, sidan mange sjåarar ikkje har erfaring med parterapi.

Men Kevin klødde etter å få brukt alle sidene ved seg sjølv, og stod på sitt.

Utfordringa var å laga problemstillingar folk uansett ville kjenna seg att i.

I 2017 og 2018 gjekk det også fleire program på TV med psykolog-element, terapi, og det var veldig i tida med psykisk helse. Det trur han var ein av grunnane til at ein parodi på alt dette slo så godt an.

Foto: John Andresen

Heftige innspelingar

Folk til å spela mot, fekk dei tak i gjennom castingbyrå. Men dei vanskelegaste å finna, var ungane til «Siv Anita». Du veit ho med «Og vi lo... og vi lo!».

– Ho skulle ha med barna med seg i terapitimen, og vera frå Ålesund. Det blei difor sendt ut skriv til alle skular i Ålesund med oppmoding til foreldra å senda inn tape av barna sine. Då me hadde funne dei me ville ha, blei dei flogne til Oslo for innspeling. Me var superspente, men dei leverte veldig bra, seier han.

Innspelingsdagane kunne bli lange og intense, for når Kevin først var sminka til ein karakter, måtte dei spela inn så mange «episodar» som mogleg.

– Berre med «Kjell-Simen» var det eit atten siders manus, forklarer han.

Men likevel har han det veldig gøy på jobb.

– Eg elskar å kle meg ut, og eg har alltid likt dialektar og språk. Eg visste difor tidleg i karrieren at eg ville jobba med karakterhumor, seier han.

Men no er det som kjent slutt på innspelingane til TV-serien «Parterapi».

– Me ville gi oss medan me framleis syntest det var gøy, seier han.

Skal spela til mai

I byn er planen å spela fram til mai.

– Eg spelar så lenge folk vil sjå, seier han.

Sist Kevin spelte på Ole Bull var i 2018 og 2019 då folk gjekk mann or huse for å sjå «Julegøy».

– Korleis er det å komma heim til mamma og pappa i Alvermarka. Må du skriva autografar berre du skal på butikken?

– Folk er jo berre veldig skjønne, og det er helst barn som kjem bort till meg. Men ein gong eg var på Rema, stoppa ei dame opp og berre sa «og vil lo» og så gjekk ho vidare. Det er berre kjekt.