Maria Midtgård Hordvik (15): – Å pakka opp gåver og å feira jul med familien. Foto: Susanne Christensen
Mikael Berge Kvamsdal (5): – Å leika i snøen. Eg likar best å ake og å byggja snømenn Foto: Susanne Christensen
Sigbjørn Sleire Johansen (43): – Det beste med jula er å vera med familien. Dei fleste har fri og me har familieselskap. Foto: Susanne Christensen
Ragnvald Haugsdal (71): – Familieselskap og å skriva julekort til dei ein aldri ser. Fruen skriv om lag 80 stykk kvar jul. Foto: Susanne Christensen
Andreas Halle (13): – Eg synest det beste med jula er å samlast med familien og å opna julegåver. Foto: Susanne Christensen
Ingvar Fykse (77): – Det er å vera med familien og gå i kyrkja. Det er veldig hyggeleg å gå i julebesøk, og så er det veldig koseleg å vera heime når me har pynta til jul. Fram mot julaftan er det i tillegg mange gode julekonsertar. Foto: Susanne Christensen
Gunnvor Scholz (74): – Familiebesøk er det beste med jula. Foto: Susanne Christensen
Nora Brekke Iden (12): – Det beste med jula er snøen. Foto: Susanne Christensen
Kasper Feyling (14): – Det er fint med litt fri frå skulen. Då brukar eg tida til å spela fotball eller gå på kino med vener. Foto: Susanne Christensen
Reidun Jensen (i sin beste alder): – At me får eit nytt år og lysare tider. Foto: Susanne Christensen
Weronica Hagesæter (38): – Pinnekjøtet og sjølvsagt familiebesøk, det er koseleg. Foto: Susanne Christensen
Audun Leknes (73): – Den gode maten. Me et lutefisk på julaftan og så blir det mykje snadder elles også. Foto: Susanne Christensen
Elisabeth Napsøy (22): – At familien samlast. Foto: Susanne Christensen
Eli Hundvin (60): – Å ha fri, roa som følgjer med og at familien samlast. Foto: Susanne Christensen
Geir Kjeilen (49) og Aksel Kjeilen (5): – Pinnekjøtet er det eg likar best med jula, seier Geir. – Eg likar best nyttårsaftan og peparkakehus, seier Aksel. Foto: Susanne Christensen
Emilie Veland Haugland (14): – Presangar og å vera med familien. Også er det koseleg med snø ute og å tenna stearinlys når det er mørkt. Foto: Susanne Christensen
Jann Sætre (86): – At me kan ta det med ro og ta oss tid til å tenkja over kvifor me har jul. Verda er så uroleg i dag. Det er viktig å tenkja over dei 10 bod, spesielt å læra oss å tilgje og å bringa kjærleik til folket. Me må læra å dela godene våre med dei i verda som har det vondt. Foto: Susanne Christensen
Ingrid Westervik Garmannslund (8): – Eg likar å vera med familien og å opna gåver. Og så likar eg å eta pinnekjøt og graut med mandel i. Foto: Susanne Christensen
Lisa-Marie Albertsen (24): – At familien samlast til middagar og julestemninga ein får av snø og julepynten. Foto: Susanne Christensen