– Men kva vil det seia å tru, og korleis kan ein tru på ein Gud i vår moderne tid?

Det er ikkje akkurat eit enkelt spørsmål å svara på, men Bjørndal gjer eit forsøk. Sidan me alt har nemnt juleevangeliet så startar med der.

– Eg er glad i juleevangeliet, og sjølv om eg har lese det mange gonger, så oppdagar eg stadig nye sider ved teksten. Eg synest det finaste med juleevangeliet er at Gud kjem til menneska, gjennom Jesusbarnet i krybba, seier han.

Bjørndal fortel om ein samtale han hadde ein gong med ein kristen som hadde reist til Betlehem i jula med store forventningar. Ei forventning om at julebodskapen skulle kjennast ekstra nær, når han feira jul på den staden der begivenheten ein gong skjedde. Men den norske gjesten vart skuffa. Han fann ikkje roa til å meditera og tenkja over julebodskapen under sitt besøk i Betlehem.

– Det var så mykje bråk frå folk og trafikken, og det var seljarar som prøvde å selja han ting. Han fann ikkje den freden han søkte, men så var det ein som sa: Då var det omtrent slik som det må ha vore den gongen Jesus vart fødd. Byen var jo overfylt av folk på grunn av folketeljinga, og det var jo derfor Josef og Maria måtte søkja ly i ein stall, seier Bjørndal med eit smil.

Sjølv om mange gjerne har eit idyllisk bilde av det som skjedde då Jesusbarnet vart fødd, så vart ikkje det vesle barnet fødd inn i eit glansbildeverd.

– Då Gud sendte sonen sin til menneska så valgte han ei tid og ein stad som var alt anna enn idyll. Eg tenkjer at det var ein grunn til det. Gud kan møta oss der me er, uansett kva situasjon me er i. Om det er idyll, eller om det er noko me strever med. Han er der heile tida, og for meg er ei viktig del av trua at eg kan kvila i det. At Gud er der, uansett.

Det er mange bibeltekstar som er vanskeleg å forstå, og det legg ikkje Bjørndal skjul på. Heller ikkje for prestar, gir alt meining.

Trua og tvilen er nære følgjesvenner.

Det er ein grunn til at det heiter å tru. Ingen kan vera sikker.

– Ein vil heile tida finna nye problemstillingar og ting ein kan stilla spørsmål ved. Dersom ein føler at ein må ha eit svar på alt som er vanskeleg før ein kan våga å tru, så kjem ein truleg aldri til eit punkt der ein føler at ein har nok informasjon til å ta stilling til om ein skal tru eller ikkje. Det er nok slik at ein må hiva seg ut i det og prøva det ut, og så ta stilling til dei spørsmåla og motførestillingane som dukkar opp, etter kvart som dei kjem. Eg trur det å prøva er den beste måten å finna ut om dette er noko ein vil satsa vidare på eller ikkje

– Hender det at du sjølv tvilar?

– Ja, det gjer det. No kan ikkje eg svara for andre enn meg sjølv, men eg ser ikkje noko problem med at også prestar lever med tvilen. Det er naturleg å oppleva ein spenning mellom tru og tvil, og eg trur det er fornuftig å kjenna etter og tenkja gjennom av og til kvifor ein trur, og stadig «tuna» seg inn på nytt. For min eigen del tenkjer eg også at det er sunt, og at det gjer at trua mi ikkje er fanatisk, seier Bjørndal.

Han opplever Gud som nær, sjølv om han ikkje kan visa til dei store «guddommelege» augneblikka.

– Men opplevingar av at ting legg seg til rette på ein forunderleg måte, har eg hatt ein del av, og når eg opplever det, så tenkjer eg at det er Gud som er der. Trua gjev meg også ei ro og ei oppleving av fred. Eg kan lita på at uansett kva som skjer, så er Gud der med meg. Det gir ein trygghet.

Å beskriva kva det vil seia å tru og kva trua betyr er vanskeleg, sjølv for ein som jobbar med slike spørsmål til dagen.

Og det kan vera endå vanskelegare når sorga rammer og fortvilelsen er stor.

– Det er ikkje alltid me har ord, og då tenkjer eg at det ikkje alltid er noko poeng å leita etter dei heller. Av og til må ein berre vera i det, og vera i det saman. Det ser ein også døme på i Jobs bok.

Bjørndal fortel at det å vera ein del av eit kristent fellesskap og tru saman med andre har blitt viktigare for han med åra.

– Fellesskapet er ein stad der ein kan henta næring, snakka saman om trua og gå saman. Eg føler at eg vert boren av trua mi, seier Bjørndal.

Spennet i bibeltekstane han skal preika over i jula er stort, og han synest dei er flotte.

– Julafta handlar det om barnet i krybba. Det er nært og konkret, og 1. juledag er me over i Johannesevangeliet som begynner slik: «I begynnelsen var Ordet. Ordet var hos Gud og Ordet var Gud». Då er plutseleg heile universet der og alle dei store spørsmåla i livet.

Det er spørsmål ein kan tenkja lenge på...

KJEKT: – Det er veldig kjekt. Det er alltid ei spesiell stemning i kyrkja på julafta, med masse folk, både vaksne og barn. Og som oftast er det også kor eller korps og solistar. Det er noko eige med julafta, og så er det klart at det er fint som prest å kunna snakka til ei stor forsamling, seier Magne Bjørndal.

Jula er ei travel tid, og fin tid i kyrkja synest Magne Bjørndal. Han har jobba som prest i 26 år.

Denne jula skal han ha tre gudstenester. To i Alversund kyrkje på julaftan, og ei i Lindås kyrkje 1. juledag.

– Julaftan, 17. mai og dei dagane når me har konfirmasjonsgudsteneste er dei dagane i året me har flest folk innom i kyrkjene våre. Då er det meir enn fullt. I år legg me opp til to gudstenester i Alversund kyrkje på julaftan, og to i Knarvik kyrkje. Då skal det vera god kapasitet, og me reknar med at me har sitjeplass nok til alle, seier Bjørndal.

For prestane er førebuinga den same enten det kjem 16 eller 600 til gudsteneste. Det skal veljast ut salmar og tekstar, og så må dei førebu ei preike, men på gudstenestene i jula er det ofte meir musikk og andre innslag enn på ei vanleg gudsteneste.

Preiketeksten på julafta seier seg sjølv. Ei julegudsteneste utan Jesusbarnet i krybba, Josef og Maria, gjetarane på markene og englekoret, vert ingen julegudsteneste.

– Korleis er det å vera prest på julaftan?

– Det er veldig kjekt. Det er alltid ei spesiell stemning i kyrkja på julafta, med masse folk, både vaksne og barn. Og som oftast er det også kor eller korps og solistar. Det er noko eige med julafta, og så er det klart at det er fint som prest å kunna snakka til ei stor forsamling.

– Legg du opp preika annleis på ei julegudsteneste enn på andre gudstenester?

– Det er alltid viktig å ha ein tanke om kven det er som kjem i kyrkja, og det er klart at ein gjer nokre tilpassingar utifrå det. Eg ordlegg meg litt annleis når eg snakkar til ei forsamling der eg veit at dei som er tilstades kjenner bibelhistoriene godt, enn når ein snakkar til ei meir variert forsamling der ein er meir usikker på kva bakgrunnskunnskap dei har. Eg ønskjer at dei skal få noko ut av det som vert sagt i preika. Det er jo det me prestar jobbar for. Å formidla Guds ord.

Det er ei utfordring i eit samfunn der folk sitt forhold til religion er i endring.

Besøkstala viser at nordmenn går mindre i kyrkja no enn tidlegare generasjonar gjorde, og det har også godt nedover med den generelle kristendomskunnskapen i befolkninga.

– Før vart 100 prosent medlem i Den norske kyrkja, slik er det ikkje lenger. Det siste eg høyrte var at det no ligg rundt 70 prosent, seier Bjørndal.

Han synest ikkje det er så gale, med tanke på at ein tidlegare ikkje hadde noko val, medan mange no tar eit aktivt val. Folk vert ikkje i same grad med berre fordi det er tradisjon i familien. Bjørndal synest det er verre at kristendomskunnskapen i befolkninga minkar.

– Kristendommen har prega både norsk kultur og kulturen ellers på så mange måtar. Utan ei grunnleggjande forståing av kva kristendommen handlar om, er det mange ord og utrykk og historiske hendingar som er vanskelege å forstå. At folk har mindre kunnskap om kristendommen gjer det også vanskeleg å forstå kva ein religion er og kva det vil seia å ha ei tru. Eg trur også me går glipp av noko viktig, når det blir slik at tru er ei privatsak.