EIGEN SONG: Tidlegare Idol jr-vinnar Mathilde Spurkeland framførte ein av sine sjølvkomponerte songar.
MGP-JR FINALIST: Melodi Grand Prix-Junior deltakar Elida Hatlevik framførte songen sin «framtid». Ho fekk hjelp av to medelevar til dans.
VIKTIG JOBB: «MOT til å glede-dagen» går ut på å gje ei god oppleving til ein annan. På Knarvik ungdomsskole hadde dei blant anna samla forskjellige gåver som dei gav vidare. Elevene sette stor pris på reinhaldspersonalet ved skulen, Elisabeth og Ibrahim. Desse to fekk kvar sitt gavekort for to personar på restaurant

Torsdag var det MOT til å glede-dagen, og på Knarvik ungdomsskule delte dei ut gåvekort og Brann-billettar til elevane som spreier glede. MOT er ein organisasjon som er over heile Norge. Denne organisasjonen er til for å hjelpa barn og unge med å få ein betre skulegang og oppvekst, og Lindås kommune med sine skular er medlem.

På skulen er det ikkje berre lærarane som passar på at alle har det fint. Elevar på skulen er utvalde til å vera med i MOT, og passar på andre. Det var og dei som ordna arrangementet på torsdagm saman med miljøarbeidar Ketil Porsmyr.

Glede hos alle!

Arrangementet starta med allsong. Dette gav god stemning og sette eit smil på mange elevar.

Medan folk song og koste seg, vart det trekt ut nokre heldige elevar som vann alt frå billettar til Akvariet til siste kampen til Brann.

For å toppe det av, var det fire personar som song og spelte. Ein av dei var MGP-jr finalist Elida Hatlevik (15) med songen «Framtid». Og musikkinnslaga varierte frå karaoke til beatboxing.

Mot til å glede

MOT til å glede er ein av MOT sine levereglar.

MOT til å glede er at du skal glede andre. Få dei til å smila eller le. Dette kunne dei fem MOT-ungdommane veldig godt. Dei skrytte av andre, hjelpte andre og hadde det kjekt. Leiaren for MOT i Norge, Marte Wiwestad, var og tilstades og fortalte litt om MOT.