Vann festivalpass - nokon fekk ei ekstra fin overrasking
Det var tre heldige vinnarar av festivalpass til Utkant i Strilen sin konkurranse, og nokon fekk ei uventa overrasking.
Marielle Sundfjord Storebø var ein av dei tre vinnarane.
– Eg kjøpte festivalpass i 2019 som me fekk fornya, så det eg vann har eg gjeve til niesa mi. Ho er akkurat ferdig med ein master, og fortener ei gåve for vel utført utdanning, seier Marielle Sundfjord Storebø.
Marielle kjøpte båtpass til mannen som gåve til jul. Dei har vore der fleire gonger før.
– Det er første gong me er der med båt og skal overnatte i båten, seier Marielle.
- Del gjerne dine utkant-bilde med oss! Merk dei med #Strilen på Instagram.
- Vil du halde deg oppdatert på dekninga vår frå årets festival? Alt om Utkant finn du ved å trykkje på denne lenka!
Ho ser fram til den gode stemninga og å treffe vener og kjente.
– Eg håpar på sol og fint vêr, for dette er siste ferieveka og det hadde vore fint med ei fin avslutning på ferien.
Ho gler seg mest til Chris Holsten, og synest line up-en er veldig bra i år.
– Det er mange artistar å glede seg til.
– Er det noko du hugsar best frå Utkant frå tidlegare år?
– Nei, ikkje ei spesiell hending, men det er den kjensla når du står med kongestatuen, det er blikkstille på fjorden, solnedgang og mykje folk. Det kan du berre få på Utkant.
Dei to andre heldige vinnarane i Strilen sin konkurranse, var Anders Duesund og Silje Sandvik Sudmann.
Mest lest akkurat nå
Fast eiendom på Seim solgt for 3.000.000 kroner
Brannvesenet: – Me har blitt forbikjørt under utrykking
Det var lang kø då butikken opna, men 1 år seinare la dei ned. No kjem butikken tilbake.
Førtidspensjonerte seg for å satse på kunsten
Forretninga gjekk så det susa. Så kom korona og sette ein bråstopp i marknaden. No satsar dei på nye idear.
Lisa og «pappen» fekk si 22. utmerking for unik snutebil