CISV Nordhordland skal senda to delegasjonar på barneleir for 11-åringar i sommar, men etter at søknadsfristen har gått ut manglar dei framleis ei jente og tre gutar.

Dermed er det «førstemann til mølla» for dei fire siste deltakarplassane, for ein sommarleir som vil gje minne for livet.

– Dei som vil vera med må søka via nettsida Cisv.no, men dei kan gjerne ta kontakt med meg på telefon for nærare informasjon, seier Kristine Lunde, som er med i styret i CISV Nordhordland.

Lunde har telefon 97 666 101.

Også femtenåringar

CISV er ei korting av «Children's International Summer Villages), og organisasjonen jobbar for fred ved å samla menneske frå ulike kulturar og nasjonar. Ved å samla born og unge på sommarleirane vil organisasjonen bidra til forståing på tvers av landegrensene.

– Leirane for elleveåringane startar 29. juni, og går så fire veker framover, fortel Lunde.

Det er også plass til to gutar til på leirane for femtenåringar, det som heiter Step up-leir. Aldersinndelinga er slik at borna må ha fylt elleve år for å vera med på elleveårsleir, og må ha fylt femten år for å vera med på femtenårsleir.

– Kvar ein skal reisa får ein vita etter at ein har søkt og fått plass.

Barne- og ungdomsorganisasjonen CISV er en religiøst og politisk uavhengig.

Treng leiarar

CISV Nordhordland treng også leiarar som vil reisa saman med borna. Leiarane må vera 21 år eller eldre når dei reiser.

– Det er viktig å få leiarane klare så tidleg som mogleg, slik at dei kan få tid til å bli kjent med borna dei skal reisa med, seier Lunde.

– Desse leirane er ei fantastisk oppleving for både borna og leiarane.

Vennskap skaper fred

– CISV sine sommarleirar er ei fantastisk oppleving, både for barna som reiser og for leiaren. Ein lærer seg sjølv å kjenna på ein ny måte, og får garantert nye venner frå heile verda, seier Lunde.

Lunde har sjølv erfaring frå CISV-arbeid, både ved å reisa som leiar, og som forelder til ein leirdeltakar.

– Det å jobba frivillig i regi av CISV er flott å ha på CV-en, seier Kristine Lunde, og legg til at med born frå minst tolv ulike land på ein barneleir er det mange nye kulturar å møta.

Les meir på cisv.no.