– Ja, det har me gjort i tre år no, seier Elise Gundersen.

Ho fortel at ingen har prøvd å sluntra unna, men at alle er med på å gjera dagen litt sprø.

– Det er herleg å by litt på seg sjølv av og til. Det blir nok alvor elles, legg dei til.

Då Strilen stakk innom, var dei midt i grautfatet. Etterpå skulle dei opna julegåvene under juletreet i gangen.

Julegenser har blitt eit fenomen, og ein julegenser skal vera stygg. Dagen som først blei kalla National Ugly Christmas Sweater Day i USA har no blitt ein, veldig uoffisiell, internasjonal stygg julegenserdag for heile verda.

Dagen er alltid tredje fredagen i desember.

Handelsstanden gjer sjølvsagt gode pengar på fenomenet, men det er ingenting i vegen for å laga seg eit kostyme sjølv. Poenget er at ein er med på moro, meiner den blide Gløde-gjengen i Hagellia.

Graut høyrer også med til den internasjonale julegenserfeiringa hjå Gløde. Foto: Gunn Berit Wiik