«Hei julenisse!

Eg ønskjer meg noko som eg har hatt lyst på i mange år, og det er at det ikkje skal vere meir fattigdom i verda. Eg vil også at folk skal slutte å mobbe andre. Eg vil at mobbarane skal ha eit godt liv og at andre gir respekt til dei sidan det betyr ikkje at dei er slemme viss dei har slutta og dei er snille med kvarandre no. Eg kan ofre alle presangane mine for at alle skal ha det bra!»

Desse orda er skrive av ein gut på femte trinn på Knarvik barneskule.

Lærar Birte Eikanger Kvalø vart så glad då ho las teksten, at ho fekk lyst til å dela orda hans med omverda.

– Eg tenkjer at andre kanskje også blir glad av å lesa den, seier læraren og ønskjer alle ei riktig god jul.