No kan dei benka seg på arkitektteikna benkar

Den flotte gåva er Søsterselskapet og dei kvinnelege investorane i Feddie Distillery AS sin signatur på at dei meiner alvor med alle planane sine på Fedje.

– Benkane skal ikkje døypast før 9. september, men investorane si tilnærming til fedjefolket har heilt frå starten vore å dela alle planane med fedjingane før dei blir gjort offentlege, seier prosjektleiar for Feddie Distillery AS, Siri Fahlvik Pettersen.

I helga blei det difor invitert til folkefest på kaien ved daglegvarebutikken Matkroken, der benkane er monterte. Og trass i at det var konfirmasjonshelg på øya, var det over hundre som møtte opp.

Les hele saken med abonnement