– Det er ein del damer som har spurd om å få smi, så då tenkte me at me kunne samla eit kurs berre for dei, seier Johannes Fosse.

Johannes Fosse Foto: Erlend Kristiansen

Ni damer på kurs

Saman med Peder Dale inviterte 90-åringen damene inn i smia heime på Fosse i Meland. Her gjeld det å smi medan jernet er varmt, og i løpet av helga har ni damer fått utfalda seg mellom essa og ambolten i det som tradisjonelt har vore eit gammalt mannsyrke.

For å halda kursa hadde dei henta inn endå ei dame: Islandske Beate Stormo.

– Det er ikkje mange kvinnelege smedar, men det er nokon. Likestillinga har komme såpass langt! Å smi handlar veldig mykje om teknikk, og har du rette teknikken kan jenter smi like godt som gutta, seier Stormo.

Beate Stormo Foto: Erlend Kristiansen

Ho er bonde til dagen, og har smisysselen som «attåtnæring», ein lidenskap ho har hatt i 17 år.

– Eg har bestandig vore opptatt av all slags handverk, og særleg gammalt handverk. Smiing er jo eit urgammalt handverk, og det er stort å meistre eit hardt jern, varme det opp og forme det til å laga kva ein vil. Det er nesten ingen avgrensingar, du kan smi alt som er av jern, så det er veldig fasinerande.

DREVEN: Islandske Beate Stormo viste både i teori og praksis korleis kursdeltakarane skulle smi. Foto: Erlend Kristiansen

Smidgaffel

– Akkurat no lagar eg ein gaffel. Det er ein gammaldags gaffel - ein smidgaffel - og har berre to bein, ikkje tre eller fire som ein moderne gaffel.

På nybegynnarkurset viste Stormo først korleis ho gjer ting. Deretter fekk kursdeltakarane sjølv prøve å lage ein gaffel eller ein kniv - eller kva det no måtte enda opp som.

– Eg skjønner ikkje heilt vitsen med damekurs. Eg trur dei gjer det fordi det er nokre damer som føler seg usikre når det står nokre mannfolk og ser på kva dei gjer, seier Helene Olli Sollid og ler.

Ho var deltakar på eit av kursa, der til og med nokre menn hadde «lurt seg med».

– Dette er jo eit tradisjonelt handverk som eg vil læra, og heime på garden har eg ei smie som eg har tenkt å begynne å bruka.

– Eg er utdanna sivilarkitekt og er opptatt av bygningsvern. Så når eg restaurerer hus heime på garden, og lagar ei dør, så hadde det vore veldig artig å ha laga hengslene sjølv.

Her er Peder Dale og Johannes Fosse i lag med damene som var med på helgekurs i smia. Foto: Privat
FOKUSERT: Ole Kristian Kjenes driv Spurkeland Vikinggard. På kurset håpa han å ta med seg nokre teknikkar heim til vikingtunet. Foto: Erlend Kristiansen

Kry

Og det er heilt i tråd med kva Peder Dale og Johannes Fosse vil med kurset.

– Det som er viktig er at folk får smi noko dei kan ta med seg heim og seia «sjå kva eg har laga». Det er like viktig anten om du er 12 eller 82 år: Det å komma heim første kvelden du har laga noko, dei er like kry, seier Dale, som sjølv har smie heime på Frekhaug.

Og om det er kvinner eller menn som kjem i smia er ikkje så nøye, så lenge folk er interesserte i tradisjonsyrket.

– Me ønsker å bruka smiene og gje eit tilbod til dei som ønsker å vedlikehalda og kunna dette handverket, som held på å forsvinna, seier Fosse.

Venteliste

– Fleire av dei som er her har ei gammal smie som dei vil setta i stand. Nokon veit kva dei vil laga, medan andre kjem her for å få inspirasjon til å bygga vidare på. Kanskje nokon vil bruka ei smie som attåtnæring, der ein sel viking- eller smørknivar, held han fram.

– Du skjønner, me får ikkje fred frå dei som vil ha fatt i oss - Johannes Fosse

Karane fortel at dei har hatt jamn pågang av folk som vil komma inn til dei å smi.

– Me har jo venteliste av folk som vil smi, seier Dale, eit «fenomen» som også var faktum då Strilen skreiv om smia i 2015.

– Du skjønner, me får ikkje fred frå dei som vil ha fatt i oss, følger Fosse opp, før dei begge starta å le.

Hadde dei hatt tid hadde dei sikkert kunne arrangert fleire kurs.

– Det som er litt trasig er jo at tida ikkje strekker til. Eg er i full jobb utanom og kan ikkje bruka kvar helg på smikurs.

– Og de gjer ikkje dette for å tena pengar akkurat?

– Nei, då har eg valt feil yrke!

Beate Stormo Foto: Erlend Kristiansen