Avisene er stadig på jakt etter dei gode historiene. Underhandlingsbransjen lever av å fora oss med dei gode historiene. Og kvar gong kjente personar møtast i triveleg lag, deler eit måltid, gode historier og tillegg syng kvarandre sine songar, ja, då er det lett å benka seg framfor TV-skjermen. Vi set pris på å sjå og høyra andre dela historier om godt og vondt. Aller mest inntrykk gjer det når historiene vitnar om levd liv.

For historier som ikkje er sanne, fell fort i fisk. Når det dukkar opp ein epost med ei historie frå eit framandt land, om ein styrtrik kar på dødsleiet, som visstnok har nettopp deg eller meg som sin næraste, ja, då er det truleg for godt til å vera sant. Dei aller fleste vil med god grunn halda igjen personlege opplysningar for utbetaling av svimlande summar. For ingen av oss liker å bli lurt.

I år er 1. påskedag 1. april. Dagen der mange fortel usanne historier for å ha det litt gøy og lura nokre andre. Og slik uskuldig spøk kan vera bra ein dag i året. Historia om det som skjedde med Jesus påskedagen i Jerusalem var ikkje til å tru. Det var jo for godt til å vera sant, og læresveinane til Jesus var heller ikkje spesielt gira på å bli lurt.

Etter at Jesus døydde i påska, var det sorg og botnlaus fortviling som prega flokken. Dei som hadde gått frå jobb og familie og satsa livet sitt på å følgja etter denne mannen, opplevde det største nederlaget langfredagen.

Så når nokre kvinner eit par dagar seinare kjem og seier at Jesus har stått opp – at han ikkje lenger er i grava – men at dei har sett han levande, ja, då vert det først opplevd som ein dårleg aprilspøk. Læresveinane hadde vanskeleg for å tru, dei tvilte, dei ville sjå det sjølv, dei ville ikkje bli lurt.

Påskedagen startar med at nokon fortel dei gode nyheitene. Kvinnene som kjem til den tomme grava fortel det vidare, og to av læresveiane startar eit aldri så lite kappløp til grava. Dei er nysgjerrige. Dei vil finna ut om dette stemmer. Seinare viser den levande Jesus seg for dei.

Han står der midt imellom dei og seier: «Fred vere med dykk».

Ein av læresveinane, Tomas, var ikkje på rett plass til rett tid. Heldigvis fortalde venene han kva som hadde skjedd. Tomas har likevel vanskeleg for å tru og har fått tilnamnet tvilaren. Men ei veke seinare får han sjølv møta den levande og oppstandne Jesus. Han får sjå han ansikt til ansikt og ta på dei naglemerka hendene hans. Då kan Tomas utrykka si tru.

PREST: Torbjørn Sæle er spesialprest i Alversund, Knarvik og Lygra sokn. Foto: Privat

Eg veit ikkje kva du som les dette trur eller ikkje trur, men truleg har du hørt historia om det som skjedde desse påskedagane, både ein og to gongar. Fordi nokon har fortald historia vidare. Påska handlar om verdshistorias viktigaste historie. Det er ikkje småtteri. Den historia er vel verdt å få med seg. Dei neste raude dagane er ei god tid til henta fram denne gode, gamle, sanne historia. Du får sjansen til å høyra den fortald i mange av kyrkjene våre og du finn den nedskrive i Bibelen som dei fleste av oss har tilgang til. Historia om svik og nederlag, død og pine og om steinen som var rulla til sides frå den tomme grava.

Historia om han som døydde og stod opp igjen, står framleis sterkt. Historia om den levande Jesus lever i beste velgåande. Det er den beste påskekrimmen. Og den endar godt!

God påsketid!