1000 elevar skal samlast i ein kulturskule

– Alle kommunane går i pluss på eit eller anna vis, seier Arild B. Nielsen om skapinga av nye Alver kulturskule.

Publisert:

Glenn Sørskår (Lindås kulturskule), Arild B. Nielsen (rektor i Lindås kommune) og Barbro Wiig Sulebakk (vikarierande rektor i Meland kulturskule og prosjektleiar) arbeider hardt med kulturskulen, men gler seg til ferdigstillinga. Foto: Anja Fanebust

  • Anja Fanebust

Når tre kulturskular skal bli til Alver kulturskule, får ein med seg dei positive sidene frå kvar kulturskule.

– Me får jo eit breiare tilbod og høgare kompetanse til heile regionen, seier han.

Tidlegare har til dømes ikkje Radøy hatt dans, men no vil det vera mogeleg å læra dette ein annan stad. Det er ikkje lenger barrierar i form av kommunegrenser.

Mykje å gjera

I den forbindelse arbeider administrasjon og lærarar på spreng for å få alt på plass, frå å ferdigstilla førestillinga «Klar ferdig gå. Den nye fargen vår er blå», som blir arrangert 26. oktober, til å samkøyra prisar for undervising og datasystem, for å nemna noko.

Barbro Wiig Sulebakk (prosjektleiar og vikarierande rektor i Meland kulturskule), Arild B. Nielsen (rektor i Lindås kommune) og Glenn Sørskår (Lindås kulturskule) fortel at samanslåinga av kulturskulen er både spennande og utfordrande når om lag 1000 elevar skal bli samla i ein kulturskule.

Utfordringane består mellom anna i at tre personale skal bli eitt, samt plassering av undervising og arrangement. Dei trur likevel desse utfordringane vil gjera kulturskulen rikare og meir mangfaldig.

Les også

Friluftsliv toppar kulturaktivitetane

Fleire moglegheiter

Nielsen trur òg samanslåinga er positiv ved at det skaper rom for stadig utvikling av kulturskulen.

– No har me fleire små stillingar som vil bli større ved samanslåinga, seier han.

Han trur også alle er tente med den tverrfaglege kompetansen, som no vil vera i kulturskulen. Han trekker eksempelvis fram at dei tidlegare har ønskt å opna for fordjuping i enkelte disiplinar, noko dei no har både krafta og kompetansen til.

– Det skulle gå på både piano, fiolin, blåseinstrument og song, seier han, medan dei andre nikkar engasjerte.

Les også

Slik vert kommunestyret i Alver

Desentralisert undervising

Eit viktig poeng i samband med samanslåinga, er at undervisninga framleis vil vera ute i kommunane.

– Det sentrale er at ein får eit breiare og betre tilbod, meiner Nielsen.

Med andre ord vil, til dømes, elevar i Meland ha høve til å reisa over brua for å nytta seg av tilbodet som er i Knarvik.

Eit anna moment, som vert trekt fram, er at lærarane i skulen får eit større nettverk og fagleg miljø, noko som gir rom for stadig utvikling. Samstundes får elevane eit nokså fritt skuleval.

Større nettverk

Noko trioen også tykkjer er positivt, er at tilsette og elevar vert kjent utanfor eigen heimstad og med fleire folk. Det har dei allereie sett i arbeidet med førestillinga «Klar ferdig gå. Den nye fargen vår er blå».

– Personalet har blitt kjent med andre i kulturskulen og kompetansen som er andre stader, seier Sulebakk.

Trioen trur også det er bra for borna å få eit større miljø, der ein vert kjent med endå fleire som har same interesse.

Nielsen, Sørskår og Sulebakk understrekar at undervisinga vil halde fram som før og samanslåinga skal ikkje gå utover læringa til elevane.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Få søkarar til jobb som undervisnings­inspektør

  2. Hevdar eigaren stikk av frå rekning på meir enn 100.000

  3. Mistenkeleg dødsfall i Alver

  4. Melder kommunen til politiet

  5. – Dette er ein tragedie

  6. No er det slutt for barnehagen på Flatøy

  1. Kultur
  2. Barn og unge
  3. Lindås
  4. Meland
  5. Radøy