Det er oppmodinga frå ordførarane i dei tre kommunane som snart blir til Alver.

Ei rykande fersk turbrosjyre er denne veka sendt ut til alle husstandane i Radøy, Meland og Lindås, med presentasjon av 15 turforslag - fem i kvar kommune.

Tanken er å gje innbyggarane sjansen til å bli betre kjent i den flotte naturen i dei tre kommunane, i eit område med mange perler og flotte turmål.

Ordførarane håpar at invitasjonen til å gå turar i nye område vil gje innbyggarane gode opplevingar, samstundes som det stadfestar at det er mykje vakker natur også utanfor eigne grenser i dag.

Nye fellesskap – god helse

– Det kan vera eit godt grunnlag for nye fellesskap, men også tryggleik for det lokalsamfunnet me bur i, både no og i framtida. Det er også god helse i å gå tur, seier ordførarane Astrid Aarhus Byrknes, Øyvind H. Oddekalv og Jon Askeland.

Dei veit at det er mange turfolk i dei tre kommunane, og ordførarane håpar turbrosjyra vil stimulera veldig mange til å ta seg ut.

– Me har lagt vekt på at det skal vera ulike typar turar som blir presentert i brosjyren, og at turane skal ha stor geografisk spreiing, seier kulturrådgjevar i Radøy, Bente K. Hervik, som har hatt hovudansvaret for arbeidet med brosjyren.

Premiering

Det er også premiar å henta, i alle fall for nokre av turgåarane. Alle over 13 år som har gått ti turar - minst ein i kvar kommune, og alle i alderen 0-12 år som har gått minst sju turar - minst ein i kvar kommune, er med i trekninga av premiar frå Sparebanken Vest og Knarvik senter.

Alle under 13 år kan i tillegg henta seg ein diplom og ein liten premie på eitt av rådhusa.

Kvar tur har sin kode, som du finn på ein post som er sett ut. Den skriv du inn på skjemaet på sistesida i brosjyren. Du kan levera skjemaet på dei tre rådhusa.

I POSTKASSEN: Dette heftet kjem i postkassane i Meland, Lindås og Radøy denne veka.

Fotokonkurranse

– Det er også flott om turfolket vil leggja inn sine foto på Instagram, seier Bente K. Hervik, som lovar premie for beste bilete.

Fotokonkurransen er nærare forklart i brosjyren.

Turopplegget er klart frå 9. mai, og postane blir ståande til 20. oktober.