Sidan Øystein vart «headhunta» av EBML-nestleiar Viggo Bjørge for 27 år sidan, har Øystein Hagesæther vore ein del av korpsfamilien. – Å kunne bidra i korpset sjølv om eg ikkje kan spele eit instrument, er utruleg gjevande, seier sjåføren som opphavleg kjem i frå Arna. Foto: Alle bilda: Anders Totland

For sjåføren Øystein er Eikanger-Bjørsvik heile livet

I 27 år har sjåføren Øystein Hagesæther køyrt rundt i lastebilen til Eikanger-Bjørsvik. – Korpsmiljøet trefte meg midt i hjartet mitt.