Slå på ringen var ein av leikane dei fekk prøve i friminuttet. Foto: Monica Skjelanger Reknes

Slå på ringen, kristendom og attsitjing. Elevar fekk lære om skulen på 50-talet

Alle elevane var samla i eitt klasserom. Det var fyr i vedomnen der klede hang til tørk etter friminuttet. Mjølka var lunka, det var ikkje kjøleskåp. Bli med dagens elevar attende til ein skuledag på 50-talet.