Lindås Ungdomslag valte natt til 17. mai til å overraska Lindås-bygda med ein eigen video publisert på laget sine Facebook-sider. Følgjarar og fans fekk dermed med seg ein sjeldan vakker hymne til bygda som ungdomslaget er så glad i.

Noko av grunnen til at Lindås Ungdomslag kom med denne vrien, er at det i år ikkje blei noko av den tradisjonsrike framsyninga som laget vanlegvis har i Haugatun 17. mai.

Over kan du sjå flotte dronevideoar frå Lindås-bygda, akkompagnert av songen til ungdomslaget. Filmen er laga gjennom eit samarbeid mellom Lindås Ungdomslag og OPPIFRÅ film & foto.