Giving Hope To A Child (GHTAC) starta i 2012 med ein visjon om å byggja barneheim, men så kom Ebola-epedemien og alt stoppa opp. I 2016 var det igjen trygt å reisa til Liberia og stiftinga bestemte seg for å heller gi støtte til undervisning.

– Å sjå kva me har fått til var heilt ubeskriveleg. Det må berre opplevast, seier Kjell-Tore og Torunn Karlsen og Kari T. Utkilen som er fadrar i stiftinga.

I januar fekk dei for første gong vera med på ein sjudagarstur til Liberia for å sjå kva pengane dei har samla inn har gått til.

Der støttar stiftinga som har 400 born på fire skular med alt dei treng for å kunna gå på skule.

Mødrene er veldig flinke til å vera med på dugnad på skulane.
Kari T. Utkilen kasta seg med i dansen frå første stund.
Då styret tilbydde fadrane å bli med til Liberia, melde det seg sju stykk, tre av dei frå Austrheim. I kvite t-skjorter: Torunn Karlsen og Kari T. Utkilen. Bak med solbriller: innsamlinsleiar og fadder Kjell-Tore Karlsen, og heilt til høgre styreleiar Rolf Maurseth.

Vanlegvis er det to frå styret, deriblant styreleiaren i stiftinga, Rolf Maurseth, som reiser nedover. Men denne gongen bestemte styret seg for å invitera med fadrar også. Sju fadrar ville vera med, og turen betalte dei sjølvsagt av eiga lomme.

Fantastisk mottaking

På skulane blei dei mottekne av stolte elevar, lærarar og foreldre med song, dans og talar.

– Det var som reine bygdefesten, fortel dei.

Kjell-Tore, som er innsamlingsleiar i stiftelsen, forklarer at det dei driv med ikkje er naudhjelp, men langsiktig samfunnsbygging.

– Det var herleg å sjå kor stolte både borna og dei vaksne var av skulane sine, seier han.

Det er utruleg givande å få vera med og gjera ein forskjell

– Turen gav oss ein fantastisk ny giv i prosjektet. Eg fekk faktisk ein ny fadder i går, seier kona Torunn oppglødd.

Bibliotekaren i Austrheim, Kari T. Utkilen, fekk æra av å opna biblioteket på Dementa Public School.
Stolt bibliotekar.
Utan Giving Hope To A Child, hadde ikkje desse borna hatt råd til å gå på skule.

Opna fire bibliotek

Kari T. Utkilen, som er bibliotekar i Austrheim, fekk æra av å opna eit nytt bibliotek på ein av dei fire skulane.

Dette blei mogleg fordi Norsk Bibliotekarforening gav 101.500 kroner til prosjektet i desember 2018, og fordi dei har hatt eit godt samarbeid med utdanningsdepartementet i Liberia, forklarer ho.

I talen sin fortalte ho om sin eigen oppvekst, der det å lesa og drøyma seg vekk i litteraturen, var det som inspirerte henne til å bli bibliotekar.

Alle barn skal ha rett til utdanning, men også til å vera barn

Laga spontan systove

Med seg til skulane hadde dei også stoff, nåler, sakser, knappar og teikneutstyr.

Når knappane begynner å ramla av skuleuniformane, er det berre å sy.

– Me la merke til at fleire av borna prøvde å skjula at dei mangla knappar på uniformane sine. Difor sette me opp ei lita systove der dei kunne komma å få reparert uniformane sine. Det var ein stor suksess. Det er utroleg kjekt å sjå kor tillitsfulle, nysgjerrige og glade dei blir for dei små ting, seier Torunn.

Me trur på at utdanning er eitt av dei viktigaste bidraga for å hjelpa eit folk og eit land mot ei betre framtid

Dei mest trengjande

I skuleprosjektet sitt har GHTAC prioritert foreldrelause barn, jenter, handikappa og dei mest fattige.

– Dei har ikkje pengar til å gå på offentlege skular og blir difor gåande heime. For jentene fører dette ofte til at dei bli mødrer alt som 13-åringar. Draumen vår er difor at me med tid og stunder kanskje kan opna ungdomsskular også, seier Maurseth.

Rolf Maurseth har fått seg ein ny ven.
Studentar og foreldre samla for å ta imot gjestane frå Noreg.
Her har dei funne tonen.

Då dei starta med skuleprosjektet i 2016, hadde dei samla inn 25.000 kroner til kvar skule. Dei siste åra har dei klart å samla inn mellom 400.000 og 500.000 kroner.

– Skal me halda forpliktelsen med å halda desse borna på skule, treng me 600.000 kroner kvart år, seier Maurseth.

Han håpar difor at endå fleire bedrifter og private vil støtta prosjektet med pengar eller bli fadrar.

Me kan ikkje løysa alt, men gjera det me kan

Innsamlingsleiaren fortel at det var mykje lettare å få inn pengar før då dei samarbeidde med Austrheim vidaregåande skule om ein årleg innsamlingsaksjon. Men dette har dei ikkje fått til dei tre siste åra.

– No prøver alle fadrane å skaffa nye fadrar. Me er også aktive på Facebook, og jobbar med å få til ein bygdedag der pengane kan gå til GHTAC, seier Karlsen.

Rolf Maurseth og damene.

Stor eigeninnsats

Han fortel at innbyggjarane må byggja skulane sjølve og ta del i det daglege vedlikehaldet. Bygningane er tidlegare skular som dei oppgraderer.

– På den måten får dei eit eigarforhold til skulane, seier han.

Det er også landsbyen som bestemmer kva som må prioriterast, og så fordeler GHTAC pengane deretter i samråd med dei. Til dette får stiftelsen god hjelp frå metodistkyrkja der nede som dei samarbeider med.

I fjor vår fekk alle skulane lagdrakter til både gutane og jentene.
Her har Kjell-Tore Karlsen funne seg ein ny kompis. Til venstre: Rolf Maurseth.

Solceller gir fleire tilbod

I tillegg til å støtta elevane med skulepengar, skuleuniformar, bøker, skulesekkar med kladdebøker, blyantar, blyantspissar og viskelær, har GHTAC også samla inn pengar til solcellebelysning og idrett. For med lys, kan skulane brukast på kveldstid også.

– Dette opnar for å driva kveldsskule for store ungdommar, barnesoldatar som aldri har fått opplæring før. I Liberia er det også mange vaksne som ikkje har lært å lesa og skriva på grunn av krig og fattigdom. No får også desse sjansen til å studera og hjelpa sine barn, seier Maurseth.

Så langt har to av skulane fått solcellebelysning.

I 2018 begynte dei også å gi sportsutstyr som ballar, pumper og dommarfløyter.

– Dette var ein stor suksess og våren 2019 fekk alle skulane lagdrakter til både gutane og jentene, seier han.

No oppmodar dei fleire å bli med på moroa.

– Me kan ikkje løysa alt, men gjera det me kan, avsluttar Kari, Torunn, Kjell-Tore og Rolf.