Klikk på bildet over for å sjå fleire
Jo, alle har vore tema og/eller gjest i ein av dei fire første episodane av Strilen-podkasten «Fjeld og Hauken».
Podkasten kjem med ny episode kvar veke, og er ein av særs få podkastar i Nordhordland – og den einaste som går bak nyheitene.
Nesten som radio
Podkast-konseptet er ikkje ulikt eit radioprogram, men her kjem ikkje lyttaren langt med DAB-radio. Podkasten kan ein lytte til via Strilen.no eller ulike podkast-appar.
Og det er du som er programsjef – på den måten at her er det ikkje noko sendeskjema å halde seg til. Du speler podkasten når du sjølv vil.
No kjem Strilen med podkast
Så langt er desse episodane lagt ut (det kjem ny ein gong i veka):
* Fotograf Arne Årseth (lytt her) Etter 35 år i bransjen kan vi trygt seie at Årseth er kjent her lokalt. Han fortel om korleis det er å leve som fotograf i ein marknad der "alle er fotografar". Han fortel òg om sitt nye prosjekt "100 over 100", der han skal ta bilde av 100 personar frå Hordaland som alle er over 100 år.
* Lokalavisa si stilling (lytt her) Kvifor må du ha abonnement for å lese nettaviser? Slik har Strilen reist tilbake til framtida. Historia om då alt var gratis og skulle vekse inn i himmelen. Prisen på Strilen og Netflix. Og meir...
* Konserndirektør Bente Lorentzen (lytt her) Har du sett dei store kranane på helsehustomta i Knarvik? Hels på kvinna som «styrer butikken» i Romarheim AS. Vi tar praten om korleis det er å vere kvinneleg leiar i eit mannsdominerande yrke, om vegen vidare for det vekstselskapet og om statusen som Gaselle-verksemd.
* Dagleg leiar Baste Tveito (lytt her) Baste Tveito har bakgrunn frå Forsvaret, Frank Mohn, Beerenberg og Mongstad tavleteknikk. No er han leier for Nordhordland næringslag, og vi tar praten om E39, vekst, omstilling, konkurranse, framtida – og om å flytte heim til Meland og ha ein litt spesiell hobby.
Podkasten «Fjeld og Hauken» er tilgjengeleg via Strilen.no, Podbean, Soundcloud, Pocket Cast, Spotify, Google Podcasts og ei rekkje andre spelarar.
PS! Podkasten er førebels ikkje tilgjengeleg i Itunes, men vi arbeidar med å møte dei tekniske krava frå Apple. Kjem snart i Itunes, altså!