Slik skal framsida på boka om 100-åringar sjå ut. Foto: Arne Årseth / Studio Nordhordland
– Gunvor Fossdal fotografert akkurat på hundreårsdagen sin 4. februar 2019, i leiligheita si i Knarvik, seier Arne Årseth. Foto: Arne Årseth
  • Klikk på bildet over for å sjå fleire

Jo, alle har vore tema og/eller gjest i ein av dei fire første episodane av Strilen-podkasten «Fjeld og Hauken».

Podkasten kjem med ny episode kvar veke, og er ein av særs få podkastar i Nordhordland – og den einaste som går bak nyheitene.

Nesten som radio

Podkast-konseptet er ikkje ulikt eit radioprogram, men her kjem ikkje lyttaren langt med DAB-radio. Podkasten kan ein lytte til via Strilen.no eller ulike podkast-appar.

Og det er du som er programsjef – på den måten at her er det ikkje noko sendeskjema å halde seg til. Du speler podkasten når du sjølv vil.

Anna Hylland frå Os fylte nyleg 100 år, og bildet er det nyaste hittil i prosjektet. Det vart fotografert søndag 17. mars 2019, fortel fotografen i podkasten «Fjeld og Hauken». Foto: Arne Årseth

Så langt er desse episodane lagt ut (det kjem ny ein gong i veka):

* Fotograf Arne Årseth (lytt her) Etter 35 år i bransjen kan vi trygt seie at Årseth er kjent her lokalt. Han fortel om korleis det er å leve som fotograf i ein marknad der "alle er fotografar". Han fortel òg om sitt nye prosjekt "100 over 100", der han skal ta bilde av 100 personar frå Hordaland som alle er over 100 år.

* Lokalavisa si stilling (lytt her) Kvifor må du ha abonnement for å lese nettaviser? Slik har Strilen reist tilbake til framtida. Historia om då alt var gratis og skulle vekse inn i himmelen. Prisen på Strilen og Netflix. Og meir...

* Konserndirektør Bente Lorentzen (lytt her) Har du sett dei store kranane på helsehustomta i Knarvik? Hels på kvinna som «styrer butikken» i Romarheim AS. Vi tar praten om korleis det er å vere kvinneleg leiar i eit mannsdominerande yrke, om vegen vidare for det vekstselskapet og om statusen som Gaselle-verksemd.

Konserndirektør Bente Lorentzen i Romarheim AS har vore gjest hjå «Fjeld og Hauken». Foto: Lise Kristine Viken

* Dagleg leiar Baste Tveito (lytt her) Baste Tveito har bakgrunn frå Forsvaret, Frank Mohn, Beerenberg og Mongstad tavleteknikk. No er han leier for Nordhordland næringslag, og vi tar praten om E39, vekst, omstilling, konkurranse, framtida – og om å flytte heim til Meland og ha ein litt spesiell hobby.

Baste Tveito er dagleg leiar i Nordhordland Næringslag, og har ny E39 Vågsbotn - Klauvaneset som si kampsak nummer éin. På fritida held han på med ein luftig hobby. Han fortalde om hobbyen i «Fjeld og Hauken». Foto: Henrik Hauken

Podkasten «Fjeld og Hauken» er tilgjengeleg via Strilen.no, Podbean, Soundcloud, Pocket Cast, Spotify, Google Podcasts og ei rekkje andre spelarar.

PS! Podkasten er førebels ikkje tilgjengeleg i Itunes, men vi arbeidar med å møte dei tekniske krava frå Apple. Kjem snart i Itunes, altså!