Jorunn Andreassen (53), som har teikna fylkesvåpenet forklarer at det grøne for henne representerer frodigheita på Vestlandet, i tillegg til at det er ein farge som ikkje er på dei noverandre fylkesvåpna.

Vinnaren fekk 1632 av dei 6471 stemmene som kom inn innan fristen, og dette utgjorde over 25 prosent av stemmene. Forslaget som kom på andre og tredjeplass fekk 970 og 878 stemmer.

Nøgde kulturdirektørar

– Sjølv om fylkesvåpenet er ei viktig sak, hadde me ikkje våga å håpa på at dette skulle engasjera så mange av innbyggjarane. Både dei innkomne forslaga og avstemminga viser tydeleg kor mange som ser på natur og landskap som vårt viktigaste kjennemerke. Vestland fylke er fjordar, frodige dalføre, ville fjell og kvite brear. Her ligg eit rikt symboltilfang, og møtet mellom land og sjø er eit av dei. Folkefavoritten vert slik eit viktig innspel i den vidare prosessen, seier Per Morten Ekerhovd, konstituert fylkesdirektør for kultur og idrett i Hordaland fylkeskommune.

Dette var dei atten bidraga folk skulle stemma på. Foto: Vlfk.no

Heile fylkesvåpenprosessen har skapt eit voldsomt engasjement, med heile 669 innsendte forslag i den opne innspelsprosessen. Også kulturdirektøren i Sogn og Fjordane er nøgd.

– Det er veldig kjekt med det store engasjementet som har vore rundt avstemminga til folkets favoritt. Vinnarforslaget med kystlinja vår som famnar om heile det nye fylket, er noko eg trur innbyggjarane i det nye Vestland fylke kan relatera seg til. Det blir spennande å sjå kva som vert det endelege resultatet, seier Ingebjørg Erikstad.

27.000 kroner rikare

Jorunn Andreassen er med dette 27.000 kroner rikare, 25.000 kr for vinnarbidraget, og 2.000 for sitt andre finalebidrag. Alle finalistane får 2.000 kronar kvar.

Endeleg avgjerd i desember

Sjølv om dette blei folkefavoritten av dei innsende forslaga frå publikum, er det ikkje slik at dette automatisk blir det endelege fylkesvåpenet til Vestland.

Fagkomiteen skal denne veka melda inn tre motiv, eit frå kvart av temaområda kultur, historie og natur. Fem designbyrå skal teigna eit forslag kvar til kvart av motiva, samt eit fritt forslag.

Desse 20 forslaga vil saman med folkefavoritten bli vurdert av fagjuryen, som etterpå vil leggja fram eit forslag frå kvar kategori for fylkespolitikarane. Då vil også folkefavoritten bli lagt ved. Det er fylkespolitikarane i Hordaland og Sogn og Fjordane som i desember vil ta den endelege avgjerda om kva som blir Vestland sitt fylkesvåpen.

For at folkefavoritten skal vurderast som eit reelt fylkesvåpen på lik linje med dei som byråa skal teikna ut, kan det vera nødvendig med grafiske justeringar, slik det framstår i konkurransevilkåra for innspelsprosessen.

Fem gåvekortvinnarar

Alle som har stemt, er med i trekninga av fem gåvekort à 500 kroner. Desse vil få SMS om at dei har vunne.