Open Veke, kalla dei veka der dei la vekk alle dei vanlege faga og sette opp ei førestilling som dei framførte på torsdagskveld.

Nokre veker på førehand av denne spesielle veka fekk alle elevane velja grupper dei ville vera med på. Dei kunne velja mellom gruppene dans og drama, kor, band, media, mat og kantine, friluftsliv og praktisk.

Dans og drama, kor, band og media stod for sjølve førestillinga, der media hadde laga videoar og tatt bilde gjennom heile veka.

TO FØRESTILLINGAR: Det var sett opp to førestillingar denne kvelden, ein klokka 18.00 og ein klokka 19.30. Foto: Øystein Lossius

Gjorde alt sjølve

Mat og kantine hadde stått for maten heile veka og på menyen var det taco og lasagne. Dei stod også for maten som blei seld torsdag kveld. Dei selde mat som vaflar og lappar.

Praktisk gruppe stod for alle rekvisittar til førestillinga og pynt til sjølve dagen. Når det kjem til friluftslivgjengen, oppheldt dei seg for det meste av tida ute.

Starta dagane i bedehuset

Alle dagane starta i bedehuset, der elevane samlast før alle gjekk kvar til sitt. Der var det ein liten tale for dagen og litt sosialt før gruppene starta. Torsdag begynte dagen som vanleg  i bedehuset, og dei fekk besøk av Jan Rantrud som fortalde litt om påskebodskapem. Alle elevane fekk smaka på tradisjonell påskemat.

SOSIALT: Ved jobba på tvers av klassetrinna fekk elevane sjanse til å bli kjende med mange andre og nye elevar. Foto: Øystein Lossius

Tolv timar på skulen

Denne dagen var ein litt lang dag for nokon og alle elevane som skulle hjelpa til under førestillingane, måtte bli igjen etter skulen til begge førestillingane var ferdige. Dei var i alt tolv timar på skulen.

Det var sett opp to førestillingar denne kvelden, ein klokka 18.00 og ein klokka 19.30. Kvar førestilling varte i ein time. Førestillingane var laga så foreldra kunne komma og sjå kva dei hadde jobba med denne veka, men det var obligatorisk for alle elevane og vera på minst ei av førestillingane.

Ein for alle, alle for ein

Alle elevane som hadde vore igjen etter skulen for å hjelpa til og gjera klart, fekk fri heile fredagen. Dei andre måtte komma på skulen om morgonen og hjelpa med oppryddinga etter denne kjekke veka. Alle dei fekk ein velfortent og god påskeferie etter lunsj den dagen.

Sosialt og lærerikt

Den opne veka var ei veke der både elever og lærarar jobba kjempehardt og over alle forventningar. Det har vore ei veke der dei har jobba på tvers av klassetrinna og ei veke der dei fekk ein sjanse til å bli kjende med mange andre og nye elevar. Det var ei veke der elevar fekk fleire sjansar til å visa og få fram andre talent som kanskje ikkje er så synlege i ein vanleg skuledag.