Med sine humoristiske filmsnuttar har Simon det siste året skaffa seg nesten 130 000 følgarar på den populære tenesta. Men det hadde kanskje aldri blitt noko suksess om det ikkje var for nyttårsforsettet Simon sette seg for 2020.

23-åringen ville slutte å bry seg om kva andre meiner om prosjekta hans. Altså rett og slett «drite» litt i kva andre meiner.

– For det er jo slik at eigentleg bryr folk seg ikkje så mykje om deg som det ein sjølv trur. Så eg gidd ikkje leve eit liv der eg må tenke på kva andre meiner, fortel Frekhaug-karen når Strilen møter han for ein prat rett før jul.

«Kent-Simon» er Simon sitt alter ego, og har blitt veldig populær blant fansen på TikTok. Foto: Privat

Gjorde «research»

Så kvifor i all verda starta han opp på TikTok? For å få vite det må vi tilbake til ein middag Simon var på i romjula 2019.

Der kom han i prat med kusina si, og snakka om at ho burde prøve seg på videotenesta, for der kunne ein både bli kjent og tene ein slant med pengar.

– Men då eg kom heim frå besøket, kom eg til å tenke at det var jo eg som burde starte opp TikTok, fortel 23-åringen og ler.

Simon hadde nemleg gjort «research» på at no var den beste tida å lage seg ein brukar på videotenesta.

Filmsnuttane varer frå tre sekundar til eit minutt.

Alltid eit prosjekt

Når Strilen møter 23-åringenpå kjøpesenteret Horisont i Åsane, har han nettopp gjort unna den siste delen av julegåvehandelen. Med seg har han tjommien David Oterholm.

– Eg har kjent Simon heilt sidan vi gjekk i 8.klasse. I heile den tida eg har kjent han, så har han alltid hatt eit eller anna prosjekt på gong, forklarar David medan han ser bort på kompisen.

At TikTok-kjendisen frå Nordhordland alltid har hatt noko på gong, er heilt klart. For på seg har nemleg David klede frå Mello, som er klesmerket Simon har oppretta.

I filmen under kan du sjå litt av det han har laga på TikTok.

Var gjennomtenkt

Eit anna ess Simon har i ermet, er at han har studert medieproduksjon på Høgskulen i Volda. Så han veit korleis videoar blir filma og klippa.

23-åringen, som no har flytta til Alversund, har heile tida hatt trua på opplegget sitt. Sjølv om han jo var litt bekymra for at ingen ville gidde å sjå det han laga. Men allereie etter kort tid, merka han seg at folk likte det han gjorde.

Særlig merka han seg det då han var ute på byen i Bergen og fekk kommentarar som «du e jo han der fyren fra TikTok!».

23-åringen er litt av ein gründer. Han er aktiv på sosiale kanalar og eig to nettbutikkar. Foto: Kasper Valestrand

Har blitt kjent i heile landet

Videosnuttane Simon lagar er enten med seg sjølv i hovudrolla, eller så tar han i bruk sitt alter ego «Kent-Simon». Sistnemnte er ein figur som tar speler mykje på den gode strilehumoren vi har her i Nordhordland.

Då han var på ferietur med kjærasten i sommar, merka Simon seg at det var mange som kjente han igjen. På ein restaurant i Førde tok han i alle fall 25 selfies.

– Eg trur humoren både eg og «Kent-Simon» har, er noko folk kjenner igjen. For meg er det heilt klart ein fordel at eg er oppvaksen på landet, samtidig som eg veit kva byfolk liker, forklarar 23-åringen.

Simon er glad i å halde på med tekniske duppedittar. Lenge hadde arbeida han med å reparere iPhonar. Foto: Kasper Valestrand