UKM står for Ung Kultur Møtes. Det er ein arena der ungdom kan visa fram talentet sitt. Alt i frå musikk, dans, teater, kunst, band etc. Alt som kan visast fram på ei scene, i ein video eller i ei utstilling. Det er ein flott plass å møta andre med same interesse, og ha det ufatteleg kjekt.

UKM er heilt gratis, og er for open alle mellom 13-20 år. Du må vera minst 10 år for å kunne vera med på lokalmønstringa, og fylla 13 år i 2018 for å komma vidare til fylkesmønstringa og eventuelt landsfestivalen. Det kjem til å vera ein fagjury som plukkar ut nokon som får vera med vidare til fylkesmønstringa. UKM er ikkje ein konkurranse, men ei veldig kjekk oppleving. Det vert ein lokalmønstring på Nordhordland folkehøgskule i Meland den 10. mars.

Påmeldingsfristen er sett til måndag 26. februar klokka 16.00, så det er berre å melda seg på. Påmeldinga skjer via nettet.

Sebastian Hegna, 16 år, deltok på UKM i fjor med musikal. Han synest UKM er gøy og at det er spennande å vera med.

– Ein får visa fram talentet, og får møta andre ungdommar som er lik deg sjølv, seier han.

Sebastian kom også vidare til fylkesmønstringa, noko han syntest var kjempegøy. Ei kjekk helg med gode ungdommar og ein god plass å møta nye venner, visa fram talentet sitt som ein kanskje kan ha ei framtid med.

Meir informasjon om UKM finn du på ukm.no