GJEV SEG IKKJE: Du kan berre ta strikkepinnane, eg kan strikka på fingrane, eg!
TRAVLE: Den yngre generasjonen trur dei eldre har god tid, men denne gjengen har knapt tid å treffast.
SVEVAR: Dansarane svevar når kostyma er sydde i to på langs.
KLARE: Denne gjengen skal på Modalsdagane. Der var dei i fjor også, utan å kunna seia så mykje om kva som skjedde.
NYE RETTAR: Spaghetti majones må vel vera like greitt som den med bolognese, meiner handelsmannen, som er litt tynn på enkelte varer.
BU UNDER FOSSEN: Fossen kan overdøyva kona, og det kan no kanskje vera like greitt innimellom.
QUIZ HEILE VEKA: Her er det fredagsquiz uansett vekedag.

Litt fleiping med appar og data høyrer heime på revyscena når den største private arbeidsgjevaren i kommunen er nettopp ei dataverksemd. Publikum i Bryggjeslottet laurdag fekk høyra om både den nye appen «Ektemann Go», som viser vegen til ledige damer, og fekk sjå nyvinninga «legeautomaten», som kunne stilla dei fleste diagnosar utan korkje lege eller sjukepleiar.

Imponerte

Ein talrik gjeng på scena delte sine tankar om både eigne og andre sine problem, anten det var fossedur til glede og plage, eller trongen til å mosjonera litt for å kunna eta kake med godt samvit.

Den som vart klarast parodiert var ordføraren, det er no berre ein ordførar i ein kommune, men Tom Kristian Thorsen tok det ikkje verre enn at han delte ut blomar til heile ensemblet etter den andre og siste framsyninga.

Strikkefeber

Årets revy har namnet «Tatt av pinnen», og det viste seg at strikkefeberen hadde gått vel langt for fleire av karakterane. Det vart dekkpunktering då dekkomlegging og strikking skulle gå parallelt, og strikketøyet var med i neven anten det var poteopptaking eller meir innandørs basking det var tale om.

Eller om dei rett og slett strikka sikringsnett for rassikring, med brøytestikker som strikkepinnar.

Fjerde revyen

Siv-Aina Gullbrå i revygjengen fortel at det er fjerde gongen dei har invitert til revy, og at gjengen let det gå to år mellom kvar gong.

– Me startar arbeidet i januar, med skriving av tekstar. Etter sommarferien tek det fart for alvor, me deler ut roller og øver inn, seier Gullbrå.

Ho har sjølv vore på scena i tre av fire revyar. Sist var ho berre med i kulissane, men i år var ho tilbake i rampelyset saman med resten av gjengen.

– Det er litt skifte frå gong til gong, men det er fleire som har vore med sidan starten.

Med eit publikum på 385 over to framsyningar laurdag har det vore fleire og sett revyen enn det bur folk i Modalen, så revyen har blitt noko folk vil ha med seg.

God hugs

Gullbrå seier dei er opptekne av å finna meir generelle karakterar enn enkeltpersonar, og så veldig mange andre enn ordføraren skal ikkje kunna kjennast direkte igjen.

– Men han er ein offentleg person, så han må tola litt, seier ho.

2017 vert eit kvileår igjen for revyen, ettersom det vert for heftig å starta jakta på nytt materiale alt frå januar av. Men ver ikkje redd, skulle ein gjera noko sprell denne vinteren, så går det på lagring til neste revy i 2017, lovar Gullbrå.

– Revyarbeidet er veldig intensivt, og me feira at me er ferdige for i år. Men det vert litt rart også, litt sånn «kva skal me gjera på no».