Det er Cory Band som det neste året kan kalla seg europameistrar i brassband etter at dei seint laurdag kveld blei kåra til det beste brassbandet i Europa.

På andreplass kom franske Paris Brass Band, medan Eikanger-Bjørsvik (EBML) altså fekk tredjeplassen.

Solid pliktnummer

Ingen hadde høgare poengsum på pliktnummeret («Dear Cassandra») enn EBML (98), men på det sjølvvalte nummeret («Concerto Grosso») blei det «berre» 91 poeng.

Eikanger-Bjørsvik, leia av dirigent Ingar Bergby, spelte solid både fredag og laurdag, slik at ingen kunne avskrive dei som ein potensiell vinnar. Det heldt likevel ikkje heilt til siger, men det er likevel framgang etter at det i fjor vart ein femteplass.

Under fredagens pliktnummer spelte musikklaget «Dear Cassandra» som nummer 11 av 13 korps. Etter den framføringa hausta musikantane spontan, ståande applaus.

Laurdag spelte korspa sine sjølvvalte stykker. Der spelte EBML «Concerto Grosso» av Derek Bourgeois som fjerde korps ut. Også her var det mange i korpsmiljøet som sa seg imponerte over innsatsen.

– I god form

På førehand uttalte EBML-leiar Stig Ryland ei klar tru på at dei kunne gå til topps.

– Folk er avslappa og veldig fokusert, og vi har hatt ein veldig god oppladning. Eg føler at vi er i god form til å matche dei aller beste.

Men han sa også:

– Valaisia er jo utruleg jamne og gode og Cory leverer alltid i toppen.

Og med Cory fekk han absolutt rett.

Stig Ryland i EBML tar imot prisen for tredjeplass i Stravinski Auditorium i Montreux. Foto: worldofbrass.tv/skjermskot