Koronapandemien har lenge sett ein stoppar for kulturarrangement, men no er det endeleg lov å samle små mengder under arrangement. Då passa det bra å arrangere konsert på Frekhaug.

– Eg er ekstra glad for at me kan samle folk og ha ein koseleg kveld med musikk i desse tider, fortel artist Anne Hvidsten.

Ho er aktuell med albumet «Illusions», og spelte utvalde låtar frå albumet for dei frammøtte. Med seg hadde ho musikarane Vemund Stavnes og Henning Hodne Mjanger.

Hvidsten synest det var kjekt å endeleg få spele albumet «Illutions» framfor folk.
– Det er viktig å ta dette på alvor, seier Ingunn Myrlid om koronasituasjonen.

Vanskeleg nedstenging

– Eg trur det er viktig for folk å ikkje verte for isolerte. Nedstenginga har nok vore vanskeleg for mange, fortel musikkengasjerte Ingunn Myrlid før konserten byrjar.

– No må ein må halde god avstand og vere forsiktig, slik at viruset ikkje blussar opp att, legg ho til.

Smittevern var viktig både før og under konserten.
Anne Hvidsten arrangerte slippkonsert for sitt fjerde album.
Anne Hvidsten arrangerte slippkonsert for sitt fjerde album.

Smittevern på alvor

Både før og under konserten vart einmetersregelen respektert. For å kunne spore eventuell smitte, måtte alle registrere namn og telefonnummer.

– Så lenge ein følger reglane og held avstand synest eg det går fint å samlast i små grupper, slik som me gjer no, fortel Hege Hellberg frå plassen sin i salen.

Dette er fleire einige i.

– Eg trur ikkje store arrangement er så lurt enno, men det er bra det opnar for litt samling, seier Magne Fosse, før lyset vert slått av og konserten byrjar.

– Det har vore veldig kjedelig utan noko kulturarrangement, så me gler oss til konsert, fortel Hege Hellberg og Knut Korsbrekke.
Smittevern vart tatt på alvor. Her ser du vertane Thorleif (t.v) og Bjørnar (t.h)