Sykkelfeberen har lagt seg i Bergen og her hjå på Strilelandet. Eg fekk vera på den siste dagen av VM-festen. Slutten av ei god veke der sykkelauge over heile verda hadde blikket festa mot vegane våre. Byen var i ekstase. I strålande septemberver. Det var høgtid og barnebursdag på ein gong. Glede. Flagg. Hyllest. Samhald.

Dei siste rundane i målområdet på Festplassen er av det næraste eg har vore sild i tønne. Vi var mange som ville sjå, og det tok si tid å snirkla seg fram gjennom folkemengda. Eg hadde lurt på å ta med meg hengekøye. Den kunne gjeve meg orkesterplass med fugleperspektiv. For dette var så visst dagen for kreative løysingar. Nokon klatra opp i eit butikkvindauge eller slo seg ned på ei grein. Ikkje for å bli sett, men for å sjå. Sjå eit lite glimt av syklistane som susa forbi i full fart mot mål.

Kanskje var det litt slik det var då Jesus rei inn i Jerusalem. Den påsken då folkemengda hylla han med jubelrop og palmegreiner. Då han nærma seg mål i sin jordiske etappe. Vel å merka i sakte eselfart.

Eller kanskje var det litt slik då han tidlegare i løypa kom til Jeriko der den kortvaksne Sakkeus fann seg eit tre i håp om å kunna få sjå Jesus. Sakkeus fekk beskjed om å koma ned. Jesus kom han i møte på bakkeplan. I byen som ligg 260 meter under havoverflata. For Gud har stige ned frå det høge og til det låge. For å koma nær menneske. I møte med menneske tok han seg tid til å stoppa opp. Det gjer han framleis. Jesus syklar ikkje forbi i full fart. Han ser oss og vil møta oss, anten vi er høgt oppe eller langt nede.

Jesus har det med å koma oss i møte der vi er. Vi treng ikkje stå på tå eller klatra opp for å sjå han. Gud vart jo menneske og kom ned til jorda vår. Til oss. Som eit lite barn. Han vart boren fram av ei ung mor – og også den gongen eit tregt esel – på vegen til Betlehem. Og han fekk namnet Immanuel som tyder nettopp «Gud med oss».

Vi treng ikkje klatra opp, men kanskje vi treng å stoppa opp. For å sjå og for å ta imot han som har kome ned til oss. Og for å opna opp ei luke for han vi atter ventar på.

«Akk, kom, jeg opp vil lukke, mitt hjerte og mitt sinn, og full av lengsel sukke: Kom, Jesus, dog herinn!» (Frå «Mitt hjerte alltid vanker»)

God jul!

PREST: Torbjørn Sæle er spesialprest i Alversund, Knarvik og Lygra sokn. Foto: Privat