4. oktober er dagen mange tusen har venta på rundt om i det ganske land. For no er det endeleg premiere på sesong tre av Kevin Vågenes sin svært populære serie «Parterapi».

Knallsuksess

Serien, som tar for seg par og personar som er inne til parterapi, blei fort populær på tvers av samfunnslag og aldersgrupper, og blei også sagt å vere blant Norges største strøymesuksessar.

– Me ville laga noko som me syntest var gøy, men eg hadde ikkje forventa noko i nærleiken av det som det har blitt, har Vågenes tidlegare sagt til Strilen.

– Det er så mange koselege folk som seier «den karakteren liknar på søstera mi» eller «me sit og ser på heile familien», seier Vågenes, som har veksla mellom å bu i Oslo og California dei siste åra.

Nytt show på gang

Vågenes gjorde seg for alvor kjent som «allemannseige» etter suksessen i Parterapi. og ikkje berre vann han to prisar under Humorprisen, han gjorde også stor suksess med sceneshowet «Julegøy» i Bergen.

Allereie i november er han i sving igjen på Ole Bull scene i Bergen med «Julegøy 2».

Kevin Vågenes har ikkje vore tilgjengeleg for ein kommentar til Strilen anledning premieren.

Kjell-Simen eller Knut Arild Hareide? Foto: Ólafur Jónsson
Mange har Siv Anita som favoritt. Den symaptiske sunnmøringen er spesielt glad i sin son Hans. Ikkje rart, han er jo berre sju år! Foto: Ólafur Jónsson