KOKEGROP: Deltakarane fekk sjå korleis ein lagar mat i kokegrop. Foto: Erlend Nordland Kristiansen
LAMMELÅR: Jon Ingar Kjenes pakkar ut lammelåret. Foto: Erlend Nordland Kristiansen
VIKINGTOKT: Ane Seim Bergås, Kristianne Myksvoll, Julie Furesund Frantzen og Miriam Solheim likte seg på Spurkeland Vikinggard. Foto: Erlend Nordland Kristiansen
BOBLEFOTBALL: Leik i Nordhordlandshallen var populært. Foto: Beate Sofie Myksvoll
BAKING: Sjølvsagt er muffinsane pynta med 4H når det er storleir. Foto: Beate Sofie Myksvoll
KOMMANDE BRANNFOLK: På brannstasjonen fekk ungdommane prøva utstyr. Foto: Beate Sofie Myksvoll
KLAR: Denne ungdommen er klar til å sløkkja flammane. Foto: Beate Sofie Myksvoll

– Når det var øksekast så sa fleire av ungdommane at dei aldri skulle klaga på kor dårleg dei på Farmen var til å kasta. Dei syntest det var vanskeleg, sjølv om det var gøy, seier Kristianne Myksvoll.

Tilbake til vikingtida

18-åringen var blant ungdomsleiarane som sytte for at opp mot 200 ungdommar frå heile fylket kunne innta Nordhordland då 4H inviterte til storkurs og leir i helga som var.

Innlosjert på Alversund skule og med mange kurs og nye opplevingar vart det ei aktiv helg for deltakarane. Nokon fekk vera brannmann på brannstasjonen, andre var på tur eller spelte paintball, medan nokon reiste tusen år tilbake i tid på vikinggarden på Spurkeland.

– Eg har vore her på vikinggarden før eit par gongar, men det er veldig kjekt å ha med andre folk for første gong. Litt kjipt at det regna, men det har vore kjekt likevel, fortel 14 år gamle Miriam Solheim, som også var med å bidra under leiren.

Diskotek

I stor grad er det ungdommar sjølv som er med å gjennomføre den populære leiren, som også hadde temaet «Me fiksar alt på 70-talet», fordi det i år er 40 år sidan Samhald Il 4H vart starta opp.

– Det er vårt ansvar, men me har jo god hjelp av dei vaksne klubbrådgjevarane i klubben også. Me hadde ikkje klart det utan dei, men me gjer det meste sjølv, seier 16 år gamle Ane Seim Bergås.

Ein skulle likevel tru at det var ein kunst å få eit par hundre ungdommar som er på leir til å sova. Men det hadde gått overraskande bra då Strilen var innom på Spurkeland laurdag.

– Me har hatt diskotek på kvelden – for då tar jo alle heilt av – og etter diskoteket så er alle veldig trøytte, og då sovnar dei med ein gong.

Planen funka godt fredagskvelden, og den hadde dei også tenkt å gjenta laurdagen då det var duka for 70-talsfest.

Lammelår i kokegrop

For Jon Ingar Kjenes ved Spurkeland vikinggard er det kjekt å introdusera ungdommane for noko dei sjeldan eller aldri har prøvd før.

Sjefsvikingen sytte for at dei fekk prøva ei rekke ulike aktivitetar, frå øksekast til å laga lammelår i kokegrop.

– Litt stress er det jo, men det har gått bra til slutt likevel.

Med sitt vikingaktige skjegg er han ein naturleg autoritet på vikinggarden.

– Det er jo nesten obligatorisk med vikingskjegg når du skal driva vikinggard. Men elles så har eg hatt skjegg av og på i mange, mange år. Eg dreiv jo lenge i motorsykkelmiljøet, så det skjegget er ein naturleg del av trynet mitt. Og så er eg så heldig å ha ei kone som vil at eg skal ha skjegg, seier Kjenes og viser til kollegaen på garden, Silje Kjenes.