Denne helga er det korpsfest og NM for skulekorps i Grieghallen i Bergen.

Arrangementet er alt godt i gang og Nordhordland og Gulen er som vanleg godt representert, spesielt blant brassbanda.

PÅ FESTPLASSEN: Knarvik juniorkorps spelte på festplassen ute ved statuen av Christian Michelsen tidlegare i dag Foto: Privat

Hylla miljøet i Nordhordland

Litt over klokka 12 i dag gjekk Skodvin Skulemusikk på scena. Dei speler i 2. divisjon og stiller i NM med eit nyskrive stykke. Det heiter «Heroes of the North» og er ein hyllest til brassbandmiljøet i Nordhordland. Musikken består av variasjonar som er basert på personlegheiter som kan assosierast både med Skodvin Skulemusikk og regionen, og det er skrive av den anerkjente skotske komponisten Peter Graham.

I same divisjon som Skodvin konkurrerer også Knarvik skulekorps, Kløvheim Skulekorps og samarbeidskorpset Brekke- og Florø skulemusikkorps. Alle desse korpsa har spelt eller speler i løpet av dagen i dag.

Her kan du lesa meir om programmet for helga.

Del gjerne bilde

Strilen har sjølvsagt ein journalist tilstades på arrangementet, men me har også lyst på bilde frå deg.

Du kan dela dine NM-bilde med ved å bruka emneknaggen #strilen på Instagram eller senda oss ei melding på Facebook.

Kanskje brukar me akkurat dine bilde på nettsida eller i papiravisa vår.