Det var fem kandidatar til prisen i år, og tre av desse spelte instrument som aldri har vore meld inn til prisen før.

Ingvild Fagna klinte til på kyrkjeorgel med «Toccata i D-moll og «Sarajevo», og Linn Therese Dyrkolbotn Hjelmtveit på akkordeon. Katrine Rysjedal som skulle skulle deltatt med klarinett, vart sjuk. Men ho var likevel med i konkurransen då prøvespelinga for juryen vart gjort sist tysdag.

Dei to siste kandidatane var Andreas Vetås og Eivind Halle på piano.

Det er kandidatane sine lærarar som tilrår elevane å spela for uttaking.

Les meir om prisvinnaren i tysdagsavisa.