Før vart songane brukte for å åtvara barn mot ting. No får ein ny generasjon læra gamle kystbarnesongar

Prosjektet har fått tittelen «Kystbarnesongen», og er ei vidareføring av eit arbeid Kjersti Wiik starta på 1990-talet.

– Mange av dei gamle barnesongane vart laga for å åtvara mot ting. No skal de få læra ein song som handlar om at ein ikkje skal gå på isen, seier Bjørn Schille.

Vanlegvis driv han med ein-til-ein-undervisning eller undervisning i små grupper i Alver kulturskule. Men denne dagen skal han læra vekk fem gamle kystbarnesongar til over 20 andreklassingar på Lindås barneskule.

Les hele saken med abonnement