Skal du på Utkant? - Bruk #strilen på instagram

– Mitt forhold til Utkant er jo uforandra, det er jo like deilig om det regner eller snør, ler festivalsjef Viggo Randal.

– Men det ser jo ut til å bli ei kjempeflott helg der ute, det er jo fantastiske varsel!

Det er meldt frå 20 grader og oppover kvar dag i Skjerjehamn, og fredag melder Yr.no heile 29 grader på ettermiddagen.

Gratis vann

Fjorårets festival blei ein stor suksess, og det rekordfine vêret bidro heilt klart positivt. Festivalsjefen meiner likevel det fine vêret betyr endå meir i år.

– I år har vi ikkje hatt noko sommarvêr i det heile tatt og folk er heilt utsulta på sommar. Dette blir jo på måte den første enormt fine sommarhelga i år, seier han.

Han oppmodar alle til å drikke masse vann, og i år som i fjor har dei ein henger med gratis vann til alle på campen, i tillegg til fleire vannslanger plassert rundt på området som folk kan fylle kopper eller flasker frå.

(f.v.) Terje Hårvik og Jørn Thomassen stilte opp med gode tips for å halde ut i varmen på fjorårets Utkant-festival. Foto: Maria Fjellstad

– Kjøp billett på forhånd

I fjor snakka Strilen med Røde Kors sitt hjelpekorps på festivalen om korleis ein skulle unngå å la varmen ødelegge festivalopplevinga.

Utover det å drikke masse vann, oppmoda dei folk til å ete godt, få nok søvn, ta pauser frå sola, ta seg ein dukkert (men ikkje i berusa tilstand) og kose seg på festival.

Ellers oppmodar festivalsjefen alle til å bestille billettar på forhånd.

– Ellers kan vi ikkje garantere at dei kjem inn.