Eikanger-Bjørsvik Musikklag (EBML) vann i kveld NM i brass i Grieghallen i Bergen med utrulege 98,5 poeng etter plikt- og sjølvvalt nummer (98, 99). På den sure, men imponerande andreplassen kom Manger Musikklag med 96,75 poeng (96,5, 97)

EBMLs poengsum er den høgaste som musikklaget nokon gong har fått i løpet av fleire tiår med NM-deltaking.

Favorittane innfridde

– Det er utruleg gøy med den gjengen. Dei bryt barrierer heile vegen. 99 og 98! Det er poengsummar som dei aldri har sett før. Eg er utruleg stolt og audmjuk, dette viser at dei strekker seg mot nye mål heile vegen, seier styreleiar i EBML, Stig Ryland.

EM-VINNAR: EBML - best i Nordhordland, best i Norge og best i Europa. Det siste året har vore utruleg for det lokale musikklaget. Her representert ved Viggo Bjørge då han viste pokalen fram på Flesland etter EM-sigeren i fjor. Foto: Erlend Nordland Kristiansen

Før premieutdelinga var det knytt stor spenning til om det skulle bli EBML, Manger eller Stavanger Brassband som skulle vinna årets NM. Ikkje overraskande var det desse tre som stod att då representantar frå dei andre korpsa måtte setta seg att.

På tredjeplass kom altså Stavanger, det var difor heilt ope om kven som skulle vinna den lokale duellen mellom EBML og Manger. Frå publikum kom det nervøs latter i spenningas hete. Men for radværingane gjekk det dessverre ikkje an å tukta dei regjerande europameisterane frå 2017.

– Det er like stort kvar gong - Stig Ryland, EBML

Mett på suksess?

For det blei EBMLs tredje NM-siger på rad, i tillegg vann dei også EM-tittelen i fjor. Ryland meiner likevel at suksessen ikkje går til hovudet på musikarane.

– Du blir aldri bortskjemt på suksess, seier han og ler, før han legg til:

– Det er like stort kvar gong. Me har snakka i lag om suksess er. Det er gøy å vinna pokalar, men til sjuande og sist handlar det om å røra og begeistra publikum. Når me får kommentarar om at «dette var fantastisk», så føler me at me oppnår det me vil.

BEST: Dei regjerande europameistrane vann for tredje året på rad. Foto: Norges Musikkorps Forbund

Litt fest og moro blei det nok etter sigeren. Men snart er beina planta på jorda att.

– Me har øving på onsdag igjen og konsert i midten av mars. Deretter blir det litt roleg fram til påske, før det blir fullt kjør fram til EM (april/mai). Men denne sigeren er ein veldig god følelse å ta med seg.

På den sjølvvalte delen, som fekk 99 poeng, spelte EBML «Partita for Band» av Wilfred Heaton. Det stykket tar dei med seg til EM.

– Det blir spennande å sjå korleis Europa tar imot det. Det var første gong dette stykket blei spelt i eit eit NM. Det har eit litt symfonisk preg, men både publikum og dommarar likte det.

Skuffa Manger

I Manger-leiren er stemninga litt meir laber.

– Det er klart at det er litt skuffande, samtidig er dei inne frå Knarvik veldig gode, så det er ein fortent siger, seier ein diplomatisk leiar i musikklaget, Håvard Skutle.

Sjølv om han ikkje legg skjul på skuffelsen, så er han fornøgd med innsatsen.

– Det har vore ei god helg for Manger Musikklag, me har levert godt på scena begge dagane.

Men me fekk 3. plass i fjor og 2. plass i år. Me er i gang med å klatra i stigen - Håvard Skutle, Manger Musikklag

VENNSKAPELEG: Håvard Skutle gratulerer Stig Ryland og EBML på scena. Foto: Norges Musikkorps Forbund

Skutle var sjølv oppe på scena under premieutdelinga. I staden for å strekka armane i vêret, så var det Stig Ryland hos rivalane som kunne gjera det.

– Eg gav han ein klem og gratulerte. Me er rivalar, men av den vennskapelege sorten.

Som ein mager trøyst fekk Manger i det minste gruppeprisen på trombone.

– Blir det liv i kveld likevel?

– Det trur eg ikkje, resten av gjengen er garantert skuffa no. Men gje dei eit par svingomar på dansegolvet, så kjem det nok seg, seier Skutle.

– Men me fekk 3. plass i fjor og 2. plass i år. Me er i gang med å klatra i stigen, avsluttar han lurt.

Vil ha med Manger til EM

Stig Ryland forstår at radværingane er skuffa.

– Det er gode naboar av oss, så det forstår eg. Me har også gjort ein «avtale» med Manger om at me skal gjera det me kan for å vinna EM i mai.

Klarar dei det får Norge to plassar i EM i 2019, der Manger kjem med etter laurdagens andreplass. I fjor var det Stavanger som kom på andreplass i NM, difor reiser dei med EBML i år.

Lokale resultat

Bjørsvik Brass, med mange EBML-veteranar på laget, kom på ein solid 5. plass i elitedivisjonen.

Blant dei andre korpsa frå Nordhordland tok Radøy Brass 6. plass i 1. divisjon. I 2. divisjon vann Oster Brass og Manger Old Star tok tredjeplassen, medan Lindås Brass kom på 6. plass i 3. divisjon.