På Utkant? Bruk #strilen

Timbuktu (i lag med Damn) er andremann ut på Utkant-festivalens første kveld. Svensken er kjent for «Alla vill till himlen men ingen vill dö» og «Det löser sig», og vil nok garantert skapa allsang på grensa-stemning under Kong Olav-statuen.

– Og så Halie, som er eit stjerneskot frå Bergen, det blir ein veldig fin konsert, seier pressesjef, Linn Dyveke Wilberg.

Ho meiner dei litt nye og ukjende artistane ofte er den største opplevinga, fordi ein får ein overrasking, og ein får høyra noko nytt.

Seinare i nattetimane går Kakkmaddafakka på scena.

– Dei er jo alltid masse liv, det blir ein kjempekonsert på kvelden, seier pressesjefen.

Utkant torsdag:

19:00: Thea and The Wild – Dronninga

20:00: Timbuktu & Damn – Kongen

21:45 Myra – Dronninga

22:30: Halie – Kongen

23:15 Hjerteslag – Dronninga

00:15: Kakkmaddafakka -Kongen

19-02: Thomas og Birk – Eldhuset Disco