48 år gamle Nina Riple Brekke er utdanna heilpraktikar, ei tre års utdanning der ho tok eksamen i juni i fjor. Det betyr at ho behandlar sjukdomsplager og lidingar etter naturmedisinske metodar som koppingterapi, øyreakupunktur, dornterapi, soneterapi, homeopati, homotoxologi, pek, irisanalyse og fotsoneterapi. Ofte kombinerer ho fleire av metodane for å få best muleg resultat.

Ideen om å begynna med saltbehandling/haloterapi i tillegg på klinikken sin, fekk ho då ho under årsmøtet til Norges Landsforbund av Homøopraktikere (NLH) vart kjend med eigaren av Saltgruva i Søgne på Sørlandet.

– Dei har lang erfaring med at saltbehandling gir mange pasientar med luftvegsplager betre livskvalitet. Eg vart berre heilt gripen då eg høyrde alle historiene deira, og fekk veldig lyst å prøva, seier ho.

Fire gruver i heile landet

I dag finst det berre fire saltgruver i heile Norge, og folk reiser langvegs frå for å få behandling. På Vestlandet har det fram til no ikkje vore nokon.

– Det fuktige og milde klimaet me har i denne delen av landet, gjer saltgruver til reine gullgruva for dei som slit med astma-, kolls-, bronkitt-, lungebetennelses— bihole- og allergiplager, meiner Nina.

I Saltair, som ho har kalla gruva si, er lufta godt tørr, pollenfri og salthaldig, noko dei fleste som er tette og tungpusta opplever som behagelig og lindrande å puste i.

I tillegg til at veggane er kledde med salt, blir salte mikropartiklar sende frå ei maskin som gjenskapar saltgruveklimaet i behandlingsrommet.

– Ny teknologi syter for rett konsentrasjon i rommet, og det som skjer er at hevingane i bronkiane går ned og ein får opp slim som blokkerer luftvegane, forklarer ho.

Arnhild Rosvold er ei av dei som garantert kjem til å nytta behandlinga.

– Eg har astma, og kjende etter berre ein time at det vart lettare å pusta. Difor trur eg absolutt at saltet kan ha god effekt dersom ein går regelmessig og er flink å vedlikehalda, seier ho.

– Alle som vil prøva, får ein gratis prøvetime slik som Arnhild, så det er berre å ta kontakt, seier Nina.

Ho har også tatt i bruk eit heilt nytt hjelpemiddel kalla DRT - (Digital Resonans Test).

– Det betyr enkelt forklart at eg kan måla korleis det står til med lymfesystemet, bindevevet, hormonsystemet og alvorsgrada av ei eventuell sjukdomsutvikling, forklarer ho.

Har alltid vore alternativ

Nina har alltid vore open for alternativ behandling, spesielt etter ho som 25-åring vart frisk etter ein kronisk senebetennelse i begge handledda.

Doktoren hennar meinte ho aldri ville bli frisk. Alternativ behandling gjorde også at ho kom seg på føtene etter at ho for tretten år sidan gjekk på ein kjempesmell.

Etter dette kjende ho meir og meir på at ho hadde lyst å hjelpa andre i same situasjonen.

Å ta utdanninga har likevel vore ein prosess, i og med at ho har fast jobb som prosessteknikar på Gullfaks A. Men no har Tormod slutta i fast jobb og begynt som sjølvstendig næringsdrivande, slik at han kan drifta saltgruva når ho er i Nordsjøen.

Resten av behandlingane ved klinikken kan ho samla til dei fire vekene ho har fri.

– Det krev ein del planlegging, men me trur det skal gå heilt fint, seier dei.

På jakt etter tomt

Lokala dei leiger, ligg i det gamle vaskeriet på Kaland, tvers ovanfor Fonnes senter. Der har dei, i tillegg til den 18 kvadratmeter store gruva, eit behandlingsrom, venterom og kontor.

Draumen er å kjøpa eit større lokale, eller ein tomt til å byggja på, anten på Kaland eller i nærleiken – helst ved sjøen. For då kan folk komma med båt og bubil.

– Mange treng nemleg hyppig saltbehandling over lengre tid, og då kan dei bu i båten eller bilen, forklarer dei.

Dei vil også prøva å få til gode avtalar med lokale overnattingsstader for dei som ikkje har båt eller bubil. Og skulle nokon velja å komma med hurtigbåten frå byn eller nordfrå, blir dei henta på Vardetangen.

På sikt, når dei har fått betre plass, har dei lyst å utvida tilbodet med ulike velværetilbod. Dei ser også føre seg å samarbeida med lokale utøvarar av yoga, mindfullness og andre tilbod som legg vekt på førebygging og rehabilitering.

Av