Allereie fredagen var moroa i gang, då Lindåsfest ung blei arrangert. Laurdag var det dei vaksne som fekk herja frå seg.

Med Tora, Miami Vice Machine og Odd Nordstoga på menyen, var det meste lagt til rette for ein festleg aftan. Og etter kvart som timane gjekk, og Strilen forlét festen, så var det ikkje berre «grisen som stod og hylte». For lindåsingane heiv seg med, og nærmare 600 hadde tatt på seg regnjakka og komme seg innanfor teltet på Westland Hotel.

Lindåsfest blir arrangert av Stiftinga Lindåsfest. Styret består av sju medlemmer, der medarrangør Westland Hotel har to av plassane i styret.

Festivalsjef Johnny Titland. – Vi er 30–40 involvert i kveld. Det er hotellet som står for store delar av arbeidet i dag, i tillegg til ein del frivillige frå idrettslaget. – Korleis gjekk gårsdagen? – Vi hadde eit fantastisk ungdomsarrangement i går, litt skuffande oppmøte, men det var utruleg bra konsertar. «Grunk» leverte og Jonathan Floyd gjorde ein fantastisk jobb, han var så dyktig med ungdommen, skryter Titland.
Lindås ungdomslag backstage før dei skulle på scena.
Solveig Vabø Myhr (21) frå Vabø er med i Lindås ungdomslag. Ho har vore med i dei yngre avdelingane av ungdomslaget heilt sidan barneskulen. – Korleis er det å vere yngst i «gamlegjengen» i ungdomslaget? – Hehe, vi møter kvarandre litt på midten. Dei er veldig ung av seg. Det er eit veldig bra miljø, vi er samansveisa alle saman. Det er ein god plass å vere, alle er veldig opne. Når ein driv med teater, så blir ein veldig tette.
Vabø Myhr får boltra seg stadig meir i ungdomslaget. – På revyen førre helg fekk eg synge ein heil song åleine. Det var veldig stas. Vi skreiv eigen tekst til «Queen of kings», som var songen som var med for Norge i Eurovision. Vi skreiv om «Dronninga av ved», som hogga ved med øks. Vi hadde stubba i bakkant, så stod dei med øks og hogga i takt. Dei hadde på seg hjelm og arbeidskle, så det var kjempetøft.
Rutinerte Åsmund Steine var konferansier under laurdagens festlegheiter. – Vi i stiftinga har som mål å styrke kulturtilbodet på Lindås og samarbeide med andre aktørar. Og det er det vi gjer no med ungdomslaget når vi inviterer dei inn, og prøver på få noko til saman og få synergiar av kvarandre. Det er jo kjempeflinke folk, så at dei kan få ein større arena å vise seg fram, det er viktig.
Frå venstre: Magnus Fjeld, Dina Nesse, Hermine Hella og Andrea Simpson. Gjengen hadde ansvar for å dele ut band til dei som kom inn i lokalet. – Dette er første gong eg jobbar her. Eg blei ringd opp litt seint, men eg kom, seier Fjeld frå Helland på Radøy. – Han høyrde han fekk 100 prosent tillegg, då sette han seg i bilen, skyt eine kollegaen inn frå sida.
Hotelldotter Vanessa Hilland var DJ under fredagens ungdomsarrangement. Laurdag var ho med i staben av ungdommar som stod på for å legge til rette for festivalpublikummet. – Det gjekk veldig fint i går, det var ikkje så stort oppmøte som vi håpte på, men alle som var her hadde kjempegod stemning. Og Jonathan Floyd var kjempeflink til å opptre, han fekk med seg heile folkemengda, alle var med og song.
Magnus Fjeld, Andrea Simpson og Vanessa Hilland hadde god kontroll på oppgåvene sine. – Det er berre god stemning her, det er mange som skal vere artige.
Henrik Wiik Berg og Stine Matre var Røde Kors-vaktar. På starten av kvelden sat dei roleg i ein krok med ein god kaffikopp. – Oppgåvene i dag kan vere alt frå at nokon blir overstadig rusa eller at nokon dett og slår seg, seier Wiik Berg.
Thea Mørch og Linnea Tofting.
Grillmeister og kokk Michael sit att med Emma Steinstad frå Biristrand utanfor Lillehammer. Steinstad hadde flydd eins ærend inn for å jobbe dugnad under Lindåsfest. Eller nesten då, ho var der også for å besøke kjærasten, som også bidrog under festivalen. Ho digga å vere på strilafest. – Det er veldig, veldig gøy å vere her. Jobben min er å ta bestillingar og betalingar for grillmat. Eg skal sitte her til vi er ferdig i 12–01-tida, seier Steinstad.
Michael hadde god kontroll på grillen. Dei blei ein del pølser og burgarar etter kvart!
I 20-tida hadde hotellsjef Runar Hilland berre gode ord å seie om stoda: – Me ligg veldig bra an. Det er fullt hus på hotellet og vi har hatt 100 stykker på middag. Artistane søv også her på hotellet. Vi er 23 stykker på vakt frå hotellet i dag, i tillegg er vi mange frivillige; vi hadde ikkje klart oss utan dei. – Viktig helg for hotellet? – Absolutt, dette er ei av dei viktigaste helgene i året for oss, det er det ingen tvil om. Dette, og nyttårscupen er også veldig viktig. Det er viktig at det skjer ting her ute, og vi ser at dei lokale støttar opp om det som skjer, seier han.
Utemøblane hadde sett betre dagar. Heldigvis letta det litt utover kvelden, etter at Lindås hadde blitt godt vaska gjennom laurdagen.
DJ Frode Sylta der han er best.
Allereie tidleg på kvelden var det god kok i baren.
Artisten Tora rocka godt frå seg som første artist ut.
Tora Dahle Aagård bruker artistnamnet «Tora», stilisert som «TORA».
Tora sette ein bra standard for kvelden.
Birthe og Kari kosa seg på Lindåsfest.
Sølve Leirvåg var i godt humør. Han har jobba i kulissane for å få til festivalen, men denne kvelden hadde han fri til å kose seg med god musikk og kjentsfolk.
Like før Lindås ungdomslag skulle på scena.
Lindås ungdomslag gjer seg klar.
Raine Fosse gjer seg klar bak scena.
Sjekk da fruktfatet! Raine Fosse byr på.
Det var ikkje alle i publikum som var så kjende med ungdomslaget på Lindås, men dei valde iallfall å presentere seg, eller iallfall Raine Fosse, i nesten fri dressur!
Raine Fosse og fruktfatet.
Raine Fosse og fruktfatet.
Lindås ungdomslag song ein versjon av «No livnar det i lundar». Publikum song med på dei kjende strofene.
Litt over klokka 21 kom dagens store trekkplaster, Odd Nordstoga, endeleg på scena.
Nordstoga flørta med publikum og nemnde både Nordhordland og Alverstraumen i nokon av sine introar til songane.
Odd Nordstoga.
Det var «tjåka» fullt framfor scena då Nordstoga tok til scena med bandet sitt.
FREDAG KVELD: Popkometen frå Oslo, Jonathan Floyd, på scena fredag. Foto: Øyvind Sæbø/Vassbrekko foto
FREDAG KVELD: Popkometen frå Oslo, Jonathan Floyd, på scena fredag. Foto: Øyvind Sæbø/Vassbrekko foto
FREDAG KVELD: «Grunk» frå Haukås Rockeakademi spelte på heimebane. Foto: Øyvind Sæbø/Vassbrekko foto