For Ulrik K. Haugland var mellom dei fire finalistane i den årlege Urørtfinalen som gjekk føre seg i Oslo i ettermiddag. I finalen, som blei liveoverført på P3, spelte radværingen «Bala med live» og «Deba fint».

Stiv, men positiv

I finalen konkurrerte han mot Hanne Mjøen, Heave Blood & Die og JON OLAV, kor sistnemnde stakk av med sigeren etter å ha fått flest stemmer.

I etterkant av sine framføringar - og før vinnaren vart kjend - blei Kald Flamme spurt av programleiar Erik Havelin om kva som skil han frå andre rapparar.

– Ein klar ting som skil meg ut er at eg er frå Radøy, og at eg er den einaste rapparen derfrå. Eg veit om ingen andre som rappar på min dialekt, sa han på klingande Radøy-dialekt.

Blant dommarane fekk han litt trekk for å vera litt «stiv» på scena. På den andre sida fekk han skryt for mykje positivitet og god melodi.

– Den gode melodien speglar meg personleg. Eg kan jo finna fram andre tekstar, men den daglege følelsen i meg er positiv, sa han til NRK i etterkant.

Stolt av Radøy

Sidan Haugland openbert verka stolt over sin bakgrunn, fekk han også spørsmål om Radøy på direkten.

– Radøy er ein fin plass. Eg er oppvaksen på ein gard, har spelt masse fotball og berre kost meg i naturen, sa han og la til at han no såg fram til å slappa meir av og fokusera på å laga ny musikk.

Tidlegare har han sagt dette til Strilen.

– Eg rappar på min dialekt. Det er den dialekten ungdom snakkar i Bøvågen. Eg brukar lokale ord, og musikkvideoen min er spelt inn på fotballbana til Hordabø og andre stader som eg har eit forhold til. Eg kjem aldri til å bli ein bergensrappar. Eg kjem frå Radøy!

Urørt, som har blitt meir og meir prestisjefull, har tidlegare blitt vunnen av etter kvart kjende artistar som Honningbarna, Mikhael Paskalev, Kristian Kristensen og Cezinando.