I år er det så mykje plommer, at mange ikkje veit kva dei skal gjera med dei.

Du har nemleg ikkje så god tid på deg når plommene først er modne.

Somme brukar difor sosiale media og inviterer til sjølvplukk, medan andre plukkar og sel privat på harde livet om dagane.

Andre igjen, hiv seg over grytene.

Å eta plommene rett frå treet eller skåla, er det beste. Men i år det mange som har mykje meir plommer enn dei klarer eta sjølve. Foto: Torunn Skurtveit

Men kva bruker folk plommene til i dag?

Før brukte ein mykje å hermetisera plommer til å ha som dessert utover vinteren. Kokt plommegraut var også populært då eg var liten. Då fraus ein ned heile plommer i passe porsjonar til ein dessert.

Nokon vener av meg lagar chutney av plommer, og andre lagar syltetøy, likør og plommesaft.

– Kva lagar du?

Del gjerne oppskrifta di i kommentarfeltet på Strilen si Facebook-side eller i kommentarfeltet under.