Då MF «Melderskin» gjekk av med pensjon, bestemte skipparen seg for å gjera det samme.

Det siste året har Lars Kvamme hatt rolege dagar heime på Solheim. Det har han fortent.

Han fekk sin første jobb då han var 13 og eit halvt år som byssegut på MF «Masfjord».

Forholda var enkle, men Lars treivst så godt, at tanken om eit liv på sjøen alt var sådd.

Har stige i gradene

Han var byssegut på somrane frå 1964 til 1967. Då vart kokken sjuk, og Lars fekk overta arbeidsoppgåvene hans.

Frå 1968 til 1970 var han billettør på diverse lokale ferjer. Så gjekk vegen ut av landet. Først med nordsjøskipet «Origo» og deretter vart det 14 månader samanhengande på frakteskipet «Malmanger».

Etter opphaldet på desse båtane, hadde Lars bestemt seg. Han ville gå styrmannskulen i Bergen. Etter to år med skule, bar det ut igjen på havet i 1974.

Denne gongen som styrmann på frakteskipet «Brunes». Men tida på «Brunes» vart kort. Etter fire månadar gjekk skipet på grunn på veg ut av ei spansk hamn.

Lars Kvamme les avisa i byssa som 20-åring.

Fem meter lang rift

– Det hadde vore mudring av botn i hamneområdet, og me var uheldige og gjekk på ei grunne, fortel Lars.

Det gjekk bra med alle om bord, men skipet fekk eit 24,5 meter langt og 1,5 meter breitt hol i botn og vart kondemnert.

Lars og kollegaene heldt fram på ein annan båt frå same reirlag. Frå januar 1975 var han 14 månader om bord på «Falknes».

– Kapteinen var tre gongar på fri før eg gjekk på fri. Er du her enno, spurde han då han kom tilbake. Men eg hadde ikkje noko imot det. Eg var fri og frank. Dessutan var det gode pengar, seier Lars.

Lars Kvamme kan sjå tilbake på eit langt liv på sjøen. Foto: Anne-Lise Nordpoll

Isfast på Newfoundland

I løpet av åra i utanriksfart opplevde Lars litt av kvart.

– På Newfoundland var me ein del av eit følgje på 12 båtar, som alle køyrde seg fast. Me måtte venta i isen i eitt døgn før isbrytarar kom til for å hjelpa oss, fortel Lars.

Bilde frå denne hendinga, har fått plass i eit album heime. Der har han også bilde av bursdagsfeiringar til sjøs og julefeiring i Den engelske kanal.

Bilde av piratane dei fekk om bord i ein hamneby i Vest-Afrika har han berre i hovudet, men han hugsar dei framleis godt.

Gøymte seg i masta

– Det begynte med at det forsvann litt kaffi og røyk, som ingen forstod kor var blitt av. Ingen tenkte i dei baner at det kunne vera piratar som hadde tatt dei, før me såg framande fotspor i kornet som låg att på dekk etter me lossa korn kvelden før.

Dei leita i alle slags holrom i båten, og fann til slutt to personar inne i mastene og ein mann på ei hylle på eit lager der dei oppbevarte maling.

Mennene, som ville til Europa, måtte vera med til Bordeaux i Frankrike. Der venta politiet og ein rettsprossess.

På ein vegg nede i kjellaren har Lars samla bilde av alle ferjer og båtar han har jobba på. Det er ikkje få. Her er nokre av dei. Foto: Anne-Lise Nordpoll
Alle desse ferjene har bore namnet Masfjord. Lars har jobba på tre av desse. Foto: Anne-Lise Nordpoll

Gudfar for MF Lygra

Då ein slektning tipsa om at det var ledig jobb på ferjene i Masfjorden, slo han til og vende nasen heimover.

Tilbake på heimlege trakter trefte han Liv, som han gifta seg med. Også ho har ein del års farstid frå lokale rutebåtar og ferjer.

Ein av dei lokale båtane Lars jobba på, var rutebåten «Sæbø» som hadde elleve stoppestadar frå Bergen til Toska.

Han fekk også æra av å vera gudfar då gamle MF «Masfjord» måtte døypast om til Lygra fordi ei ny og større ferje skulle få Masfjord-namnet.

– Det var berre me mannskapet om bord, men me laga ei skikkeleg markering med flaske mot skutesida og alt som høyrde med. Det var stas.

«Masfjord»-ferja, som vart omdøypt til «Lygra», gjekk då i rute mellon Klokkarvik og Hjellestad. Lars var også innom sambandet Brekke-Lavik, og «Bjørn West» som gjekk i rute til Øygarden.

Innimellom hadde han også to periodar på ferjene innover i Osterfjorden.

Isbryting i Modalen

Då han jobba i Osterfjorden, fekk ferjene av og til oppdrag med å bryta is i Modalen for at mindre båtar skulle komma seg fram.

– Ein gong fiska me opp eit isflak for å sjå på tjukkleiken. Då var isen 40 centimeter tjukk, fortel Lars.

Han minnest også fine år på ferja Duesund-Sævråsvåg fram til strekninga vart nedlagt i 1990.

Han har også vore innom dei store trafikkmaskinene på strekninga Steinestø-Knarvik og i Boknafjorden, før han avslutta karriera med mange år i Fensfjorden.

MF «Melderskin» gjekk i rute på Fensfjorden frå 2011 til 2019. Foto: Harald Sætre

«Melderskin» var favoritten

I Fensfjorden var han skippar på fire ferjer. Først MF «Nordhordland» frå 1999 til 2002, så MF «Eidsfjord» frå 2002 til 2007, deretter MF «Etne» frå 2007 til 2011 og til slutt MF «Melderskin» frå 2011 til 2019.

– Visst du skal ha det heilt rett, må du ha med MF «Bjørnefjord» også. Den var vikarferje, seier Lars.

– Og kva ferje er favoritten?

– Åhhh.... det må vera «Melderskin». Ho var ei av dei gamle Askøyferjene, og dei likte eg godt. Dei var lette å bli dus med, og lite vindfang i.

Det var ikkje så mykje dramatikk i fjordane som på havet, men Lars kan fortelja om ein og annan nervepirrande episode.

Barnefamilie i hardt vêr

Ein gong var det nære på at det vart barnefødsel på Fensfjorden.

– Den fødande kvinna kom seg akkurat i land til ein ventande ambulanse i Leirvåg før ungen kom. Barnefaren var så letta over å sleppa å ta imot ungen sjølv, at han sa til meg at dersom det vart ein gut, så skulle han heita Lars. Men så vart det ei jente, seier Lars og ler.

Han og kollegaene om bord på MF «Etne» var også med å berga ein familie som fekk problem med snekka si i dårleg vêr i Fensfjorden.

– Eg meiner det var storm i kasta den dagen. Me sette ut lettbåten og fekk hjelpt familien i land på ein holme der dei stod trygt til ein annan båt kunne plukka dei opp. Og hjå reiarlaget vart det gjort stor stas på oss for godt sjømannskap, seier han.

Ein dag redda Lars og mannskapet ombord på MF Etne ein familie i ei snekke som fekk problem i dårleg vêr i Fensfjorden. Etterpå gjorde reiarlaget stas på dei med kake. Foto: Anne-Lise Nordpoll

Bymann med hengar

Sjølv etter eit utal turar fram og tilbake over Fensfjorden, opplevde ikkje Lars jobben som kjedeleg.

– Det er mykje å passa på, for all båttrafikken inn og ut fjorden der må kallast opp slik at me tilpassar oss kvarandre, forklarer han.

– Og så hender det vel at de måtte bli liggjande til kai på grunn av vind og vêr. Kjente du ofte på presset frå utolmodige bilistar?

– Det er klart me veit at det lagar problem når ferja ikkje går, men tryggleiken må komma først, og stort sett opplevde eg at folk tok det greitt.

Han synest det var godt då det vart slutt på trekantsambandet i Fensfjorden.

– Dei siste åra me hadde Skipavika, var det mange bilar som skulle med. Og det var ikkje alltid like enkelt når bilistane måtte rygga seg om bord.

Han hugsar ein gong ein bymann med hengar skulle med. Han brukte 10 minutt på å få det til, og då han endeleg kom om bord, stod bil og hengaren i kvar sin vinkel.

– Men ferja venta?

– Ja, det var klart. Visst ikkje hadde me berre utsett problemet til neste tur.

Godt arbeidsmiljø

Passasjerane hadde han ikkje så mykje kontakt med frå plassen sin i styrehuset. Men han skryter av mange av dei han har jobba med.

– Det er viktig med godt arbeidsmiljø om bord. Ein bur tett på kvarandre og brukar mange timar i døgnet saman. Då må ein ha det litt kjekt saman også, seier Lars, og fortel at i arbeidsperiodane bur mannskapet saman om bord.

På Leirvåg-Sløvåg-sambandet gjekk første tur kl.05.50 og siste tur frå Leirvåg kl.23.15. Då var ferja ferdig fortøyd kl. 23.50.

Lars minnest med glede kaffikoppen og morgonpraten med maskinisten før dei sette i gang maskineriet.

Men det passa godt å gå av med pensjon i fjor.

Meir tid til familien

– Alt til si tid. No er det kjekt å putla på her heime, seier han.

Med hus som skal vedlikehaldast, ved som skal hoggast og ein plastbåt nedom som ligg klar når det passar seg med ein fisketur, manglar ikkje Lars på fritidssyslar.

Dessutan er det kjekt å få meir tid heime med kona Liv og med vaksne barn og barnebarn.

Nokre av dei har busett seg på Solheim. Andre er lett tilgjengelege på telefon eller for besøk andre stader i Nordhordland.

– Det er veldig kjekt å ha dei så nære, seier han.