I stykket handlar det om eit teater som er lagt ned og gjort om til ein gamleheim for avdanka skodespelarar. Men denne gjengen nektar å la alderdommen stå i vegen for livsgleda. Straks den strenge pleiaren snur ryggen til, vaknar dei aldrande skodespelarane til live, og let songen, leiken og låtten bryta laus.

Manuset er omskrive slik at det no gjeld Hordaland Teater og Bergen- og Hordalandsområdet. Det er også med ein del nye låtar, der Claus Sellevoll syng ein Johannes Kleppevik-song og Elisabeth Moberg og Katrine Dale har med ein låt av Gabrielle.

40 år eldre

Alversundingen Claus Sellevoll er kjent for ablegøyer og parodiar, men meistrar også andre roller. Denne gongen er handlinga i stykket lagt inn i framtida, slik at skodespelarane vert sminka til eldre utgåver av seg sjølve. Ganske mykje eldre også, heilt til gamleheimsalder.

I dette stykket spelar han saman med Elisabeth Moberg, Sigurd Sele, Harald Dahlstrøm, Lars Jacobsen og Katrine Dale. Dei to sistnemnde er nye frå turneen i vår, og har erstatta Stig Werner Moe og Idun Losnegård.

40 ÅR ELDRE: Alversundingen Claus Sellevoll i rolla som ein god eldre skodespelar. Foto: Tor Erik H. Mathiesen

Spelar i Logen

Manuset er altså endra til å gjelda Hordaland Teater, og det er der stykket vert vist, i teaterets nye heim i Logen i Bergen Sentrum.

Publikum kan venta seg ei perlerekke av kjente rock- og poplåtar frå dei siste 50 åra, med titlar som «Stayin alive» og «I will survive», i ein musikalsk komedie med trøkk.

Stykket vert vis i Logen i Bergen frå torsdag 15. november og fram til 9. desember, stort sett onsdag til laurdag kvar veke i denne perioden. For meir info sjå nettsida til Hordaland Teater.

Her er meldinga frå framsyninga i Knarvik.