Desse er Eikanger-Bjørsvik sine konkurrentar

Dei har gjort oss stolte før, men Eikanger-Bjørsvik må spele sitt aller beste for å ta EM-sigeren heim til Norge.

Publisert:

Laurdag spelte EBML sjølvvalt stykke i Stravinsky Auditorium i Montreux. Foto: worldofbrass.tv/skjermskot

  • Erlend Nordland Kristiansen
Denne artikkelen er over ett år gammel
Les også

Eikanger-Bjørsvik i EM: Fekk ståande applaus

Det mestvinnande korpset i Norge, Eikanger-Bjørsvik, er igjen på vinnartokt i utlandet. Sist dei vann europameisterskapen var i 2017, då dei kom heim til stor hyllest på Flesland med ordførar, flagg og fest. Tidlegare har dei også vunne i 1988 og 1989.

I år er konkurransen i sveitsiske Montreux, etter at Valaisia vann fjorårets EM. Montreux er ein liten, koseleg sveitsisk by med vel 25.000 innbyggarar. Byen er ein kulturby og arrangerer blant anna Montreux Jazz Festival. Sjølve EM går av stabelen i Stravinsky Auditorium.

Elles er også byen kjent for å ha vore heimstad, i kortare eller lengre periode, for fleire eminente musikantar. Blant dei er David Bowie, Freddy Mercury og den russiske komponisten Pjotr Tsjajkovskij.

Dette er korpsa Eikanger-Bjørsvik må spele i senk for å vinne årets europameisterskap.

  • Brighouse & Rastrick (England)
  • Brass Band Burgermusk Luzern (Sveits)
  • ProvBBGroningen (Nederland)
  • Concord Brass Band (Danmark)
  • Göta Brass Band (Sverige)
  • 3BA Concert (Tyskland)
  • Brass Band Oberosterreich (Austerrike)
  • Brassband Willebroek (Belgia)
  • Italian Brass Band (Italia)
  • Paris Brassband (Frankrike)
  • Coryband (Wales)
  • Valaisia brass band (Sveits)
Publisert:

Les også

  1. Ivar Nordland - korpslegenda frå Eikangervåg

  2. Slik starta eventyret for Eikanger-Bjørsvik

Montreux med vakker utsikt mot Genèvesjøen. Genève ligg vel éin time med bil unna EM-byen. Foto: Muhaidib/Wikipedia

  1. Knarvik
  2. Lindås
  3. Musikk
  4. EBML