Styreleiar Stig Ryland tok imot EM-gullet på vegner av bandet, som fekk 95 på pliktnummer og 98 på sjølvvalt under EM i Oostende i Belgia.

– Det er ei heilt ekstatisk kjensle. Me er mange som har venta mange år på dette, jublar Svein Fjermestad, som spelar perkusjon i Eikanger-Bjørsvik.

Ein av førehandsfavorittane, Cory Band, blei lest opp til tredjeplass. Valaisia Brass Band, ein annan av storfavorittane, tok andreplassen.

Nestleiar Viggo Bjørge i EBML er ein av dei som har jobba hardt og lenge for EM-sigeren. Foto: Privat

Då var saka meir eller mindre klar: Det måtte bli Eikanger!

Brassheltane frå Nordhordland blei hylla både etter pliktnummer fredag og sjølvvalt nummer laurdag. Og det viste seg altså at dommarane var einige med publikum i salen og framfor livestreaminga.

Eikanger-Bjørsvik har tidlegare to EM-titlar på merittlista: Dei vann EM i 1988 i Luzern i Sveits, og i 1989 på heimebane i Grieghallen - begge gongar under leiing av legendariske Howard Snell.

I år var det Ingar Bergby som dirigerte bandet.

At årets siger var fortent, viser reaksjonane på sosiale media.

Hyllar dirigenten

– Ingar har vore utruelg viktig i alt dette med sin enorme musikalske kompetanse. Som ein av Norges mest ettertrakta orkesterdirigentar, skiltar han med ei musikalsk forståing og formidling som gav oss eit ekstra over konkurrentane, seier Fjermestad.

Han fortel at mange av medlemmene unna seg eit boblebad etter at bandet var ferdig med sjølvvalt nummer.

Deretter var det tradisjonen tru middag med musikarar, familie vener og andre, før ein gjorde seg klar til å få juryen sin dom.

Bandmedlemmene hadde fått med seg at mange heldt dei som favorittar, og dei var sjølve meir enn nøgde med innsatsen.

– Sterk søknad

– Det er enormt sterk konkurranse i EM, men me visste at me nok aldri før har levert to så sterke søknadar til tittelen. Mottakinga frå publikum og media var fenomenal, så det er klart me fekk forhåpningar etter mange superlativ frå inn-og utland. Det var mange nordmenn i salen, me følte nesten at me spelte på heimebane, seier Fjermestad.

Utradisjonelle verkemiddel

EBML har tatt i bruk utradisjonelle verkemiddel under oppkøyringa til EM. Korpset har brukt tidlegare ro-landslagstrenar Knut Tore Solvang. Solvang har vore til inspirasjon og snakk om prestasjonskultur, treningskultur og om å strekkja seg litt kvar dag for å nå dei måla ein har sett seg - og, sjølvsagt, for å bli betre.

(artikkelen held fram under bildet)

EBML i aksjon under EM. Foto: Privat

– På mange måtar driv Eikanger med toppidrett, bortsett frå at dei har det som fritidshobby. Dei får ikkje trent like mykje, men måten og innstillinga liknar, seier EBML-styreleiar Stig Ryland til Norges Musikkorpsforbund sine nettsider.

Fysisk trening

Ein konkurranse som EM er krevjande både fysisk og mentalt. Ifølgje Ryland har fleire i bandet begynt å trena for å halda seg friske.

Skriv din gratulasjon i kommentarfeltet under artikkelen!

– Eg trur det er mange som har fått seg ei aha-oppleving om det å vere i god fysisk form, sjølv om ein sit i ro og øver/spelar, seier Ryland.