Trafikken over brua er i dag på 18.000 køyretøy per døgn, noko som er tre gongar meir enn det første året etter opninga.

– Mange snakka om ei ny tidsrekning for distriktet vårt. Når me ser kor stor betyding brua har hatt for regionen vår, synest me det absolutt var på sin plass å trykka eit nytt opplag av «Nordhordlandsbrua - frå kongstanke til røyndom» i samband med 25-årsjubileet, seier Johannes Fosse, Einar Vatne, Rune Brundtland, Arthur Kleiveland og Paul Scholz i boknemnda som har laga jubileumsbok om brua.

– Strilane hadde i tiår arbeidd med den store draumen om å kryssa den lange og djupe Salhusfjorden med bru i staden for med ferje, og fekk løn for strev, seier forfattarane av boka.

Nordhordlandsbrua under konstruksjon. Foto: Statens vegvesen

Frykta kriminalitet

På førehand var det ikkje måte på kor galne konsekvensane av eit landfast samband med bergensarane kunne verte.

– Ingenting har slått til av elendigheita som skulle ramme distriktet vårt. Mange var sikker på at kriminaliteten ville auka kraftig på nordsida av brua, men heller ikkje det slo til, seier mangeårig lensmann Einar Vatne.

– Og Osterfjorden har heller ikkje vorte islagt vinterstid, ostringane har ikkje frose inne, som enkelte fryktar, supplerer Fosse.

Trafikantane betalte

Boknemnda er framleis skuffa over at kontrollkomiteen på Stortinget kom med hard kritikk for overskridingar av bukostnadane.

– Kostnadssprekken var nemleg ikkje så stor dersom ein tok høgde for ei framskriving av det opphavlege kostnadsgrunnlaget. Dessutan fekk Stortinget den «miljøbrua» dei bad om, med teknologisk løysingar som naturleg nok var fordyrande. Dessutan var det ikkje staten som betalte for brua - det var det trafikantane som gjorde, seier dei og legg til:

– Når alt kjem til alt, var det statlege bidraget null og niks. Alt dette vart informert om då medlemmer i kontrollkomiteen var på synfaring i forkant av høyringa i Stortinget. Men det såg ut til å vera gløymt i kontrollkomiteen si høyring.

Bok om brua

Forfattarane kallar jubileumsboka eit dokument over det viktigaste samferdselsprosjektet i Nordhordland nokon gong, krydra med fine foto frå gamal og nyare tid.

Ein litt anna bilpark enn i dag i ferjekøa. Foto: Arne Årseth, Studio Nordhordland

– Dette er ein hyllest til Nordhordlandsbrua, men me har ikkje tatt mål av oss om å fortelja den fulle og heile historia om brua og ringverknadene etter 25 år. Dette blir smakebitar om korleis brua har gjort livet lettare på så mange område, seier boknemnda. Dei peikar på at det aldri har budd fleire menneske i Nordhordland enn no, aldri vore fleire arbeidsplassar, og livsvilkåra våre er betre enn nokon gong.

– Nordhordland har kome nærare Bergen, Norges nest største by, og byen og resten av verda har kome nærare Nordhordland. Også ved 25-årsmarkeringa for Nordhordlandsbrua slår dei fast at brua over Salhusfjorden står som eit monument både over stor ingeniørkunst og kva som går an å oppnå ved godt samarbeid.

Nemnda som har laga ny utgåve av boka om Nordhordlandsbrua.
Slik såg Knarvik ut då Nordhordlandsbrua opna. Foto: Arne Årseth, Studio Nordhordland
Nordhordlandsbrua har vorte eit viktig knutepunkt. Foto: Statens vegvesen