Bli med på årets store strandryddeaksjon

I fjor vart det samla inn 54,82 tonn marint avfall langs dei lokale strendene våre. Laurdag er det klart for årets store fellesdugnad.

Publisert:

KLARE: Varabrannsjef i Lindås, Meland og Modalen brann og redning (LMMBR), Nils Medaas, kultursjef i Lindås, Øyvind Stang, dagleg leiar i Frivilligsentralen, Per Ole Ekker, og leiar i Lindås båtforening, Olav Steinsland, meiner alle bør ha tid til ein 4–5 timars dugnad for miljøet i året. Foto: Gunn Berit Wiik

  • Gunn Berit Wiik
Denne artikkelen er over to år gammel

– Folk er utruleg engasjerte og det har alt meldt seg langt fleire enn i fjor, seier Per Ole Ekker i Lindås Frivilligsentral.

Også Siv-Merete Vedå, som er ansvarleg for strandrydding i NGIR, har merka den aukande interessa for å halda strendene våre reine.

– Eg er heilt imponert. Det kjem til å bli ein kjempedugnad, seier ho.

Bygdelag og båtforeiningar

I år er den Nordiske Strandryddedagen laurdag 5. mai. Dagen er ein del av Strandryddeveka frå 30. april - 6. mai, som er eit samarbeid mellom Bergen og Omland Friluftsråd, avfallsselskapa og medlemskommunane.

Men det er dei frivillige laga, organisasjonane og privatpersonane som er berebjelken i aksjonen. Berre i Lindås har rundt tretti båtforeiningar meld seg til teneste og stadig fleire bygdelag tek grep og organiserer strandryddeaksjonene sjølve.

– I år har me også fått dykkarklubben på Mongstad med på laget, seier Ekker.

Varabrannsjef i Lindås, Meland og Modalen brann og redning (LMMBR), Nils Medaas, fortel at dei saman med ordførar Astrid Aarhus Byrknes, vil dukka opp med brannbåten på fleire av strendene i løpet av dagen.

Risnes IL treng ryddefolk

Også i Masfjorden er dei i full gang med å planlegga stordugnaden. Der har blant andre Risnes IL tatt grep og driv og hankar inn folk til å gjera ein innsats for miljøet og områda dei alle nyttar seg av.

Arne Andreas Riisnes fortel at dei vil nytta naustområdet i Skjelsundet som oppmøteplass og base for dagen.

– Alt etter oppmøte og kapasitet vil me rydda i Hostelandsosen, Arekletten, Baldersvågen og øyane utanfor (Herøyna, Raunøyna, Dyrøyna, Haugsøyna). Idrettslaget syter for avfalssekkar, hanskar og vidare handtering av avfallet. Det er ein fordel om deltakarane kan stilla med båt og mannskap, men me vil også ha båtar som transporterer folk der det trengs. Det er fint om dei som kjem med båt skriv ei melding til meg, seier Riisnes (tlf 971 00 247).

På Risnes startar dei ryddedagen klokka 10 og i 15-tida spanderer idrettslaget grillmat som ei felles avslutting på dugnaden.

Les også

Erna Solberg skal plukka søppel i Meland

Sjølv om den store strandryddedagen her i Nordhordland og Gulen er laurdag, minner Vedå i NGIR på at folk får levera inn marint søppel i Kjevikdalen heile året gratis.

– I fjor fekk me midlar hjå Miljødirektoratet til å jobba med dette, så eg reknar med me kjem til å få omtrent det same i år. Difor er me klare til å levera ut strandryddesekkar, kjøra ut konteinarar og ta imot marint søppel kor tid som helst, seier ho.

SØPPEL: Det er mykje å ta av, og meir blir det kvar einaste dag. Foto: KETIL TJORE

Viktig å registrera seg

Før folk set i gang å rydda, er det viktig å registrera ryddeaksjonen sin i strandryddekartet. Då veit NGIR kor det blir rydda, kva dei kan venta å få inn og ryddarane får levert avfallet gratis. Når ein er registrert, kan ein også henta seg utstyr.

Registrera seg kan ein gjera på e-post til post@ngir.no eller på https://www.nordhordlandskart.no/ngir_strandrydding.

Etter aksjonen er det viktig å kontakta NGIR for å få avfallet levert/henta.

– Ring oss for avtale, slik at ikkje blir ståande ute, og ta kontakt i resepsjonen når du kjem slik at avfallet kan bli registrert og vege, seier Vedå.

Ta med alt du finn!

Elles blir alt marint søppel som kjem inn, vege og sortert. Det betyr at ein tar med seg alt boss ein finn i fjøra i strandryddesekkane, ikkje berre plastavfall.

– Løft på tangen også, for det er mykje som kan skjula seg der. Men ikkje gløym å ivareta tryggleiken, bruk redningsvest!

Jern, metall, dekk og trevyrke, og miljøfarleg avfall, skal leverast for seg og ikkje blandast saman med resten av det marine avfallet.

Les også

Naturen er ikkje eit avfallsdeponi

– Ta kontakt for å avtala levering av desse tinga, seier Vedå.

Ho fortel at alt søppel som er reint nok blir sendt vidare og resirkulert. Alt anna marint avfall blir handsama som restavfall og blir sendt til forbrenning med energiutnytting. Dette gjeld også fiskegarn som ein får plass til i strandryddesekkane.

– Må de ta inn ekstra folk for å få unna all sorteringa?

– Nei, me klarer det med dei folka me har, for sidan aksjonen varer ei veke, kjem søppelet inn litt over tid, seier Vedå.

OVERSIKT: Her er frivilligsentralen i Lindås si oversikt over blant anna kor konteinarane er sette ut og kva delar av kommunen som er dekka. Foto: Gunn Berit Wiik

Ta vare på kjempehagen vår!

Vedå og Ekker tilrår å ta strandryddinga som ein familiedugnad.

– Ta med borna, litt mat og drikke og gjer det til ein triveleg dag.

Elles oppmodar dei folk som går på tur langs vegane og i skog og mark om å ha med seg noko å samla boss i.

– Og så oppmodar sjølvsagt fleire til å begynna med «plogging», seier dei.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. No har dei tilsett ny lege i Austrheim

  2. FNB Alver bryt med FNB – går frå folkeaksjon til folkeparti

  3. Oppryddingsarbeid stengde E39-tunnel

  4. Skal ha lagt sambuar i bakken og slått henne

  5. Musikalsk fest på Meieriet: – Opplevelse publikum aldri kommer til å glemme

  6. Mor og dotter satsar saman i Austrheim

  1. NGIR
  2. Avfall
  3. Plastavfall
  4. Lindås
  5. Miljødirektoratet